Historisk arkiv

Nye styre i Statkraft SF og SF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 37/2000
Dato: 21.06.2000

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Nye styre i Statkraft SF og Statnett SF

Sidan toårsperioden for Statkraft SF og Statnett SF sine styre går ut i juni år, har olje- og energiministeren i dag oppnemnt nye styre i foretaka.

Olje- og energiministeren seier i ein kommentar at desse utskiftingane er eit ledd i ein kontinuerleg prosess kor omsynet til fornying og kontinuitet blir vurdert opp mot kvarandre. Personane som går ut av styra har gjennom mange år lagt ned eit svært viktig arbeid for å utvikle den tidlegare forvaltningsbedrifta Statkraft til å bli to moderne foretak. - Eg er trygg på at dei nye styra er i god stand til å bringe dette arbeidet vidare, og sørgje for ein fortsatt positiv utvikling av foretaka, seier statsråd Akselsen.

Statkraft SF

Nytt styre i Statkraft SF frå og med 21. juni 2000, og to år framover er som følgjer:

Terje VarebergStyreleiar(ny)

Anders EckhoffNestleiar(gjenval)

Toril MølmshaugMedlem(gjenval)

Jon Ivar NålsundMedlem(gjenval)

Marit Buch HolmMedlem(gjenval)

Ingvild Ragna MyhreMedlem(ny)

I tillegg blir det valt tre styremedlemmer av og blant dei tilsette.

Tidlegare styreleiar Hans O. Bjøntegård og tidlegare nestleiar Britt Solvik går ut av styret. Begge har vore med sidan stiftinga av Statkraft SF i 1992.

Statnett SF

Nytt styre i Statnett SF frå og med 21. juni 2000, og to år framover er som følgjer:

Grete FaremoStyreleiar(ny)

Kjell Olav KristiansenNestleiar(ny)

Anne Kverneland Bogsnes Medlem(ny)

Sverre AamMedlem(gjenval)

Jonfinn FløtreMedlem(gjenval)

Elisabeth WilleMedlem(gjenval)

I tillegg blir det valt tre styremedlemmer av og blant dei tilsette.

Tidlegare styreleiar Anders Utne, tidlegare nestleiar Elisabeth Berge og Bente Holm Akselsen går ut av styret. Dei to fyrstnemnde har vore med sidan stiftinga i 1992, medan Bente Holm Akselsen har vore med sidan 1994.