Historisk arkiv

Olje- og gassverksemda 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 70/00
Dato: 04.10.2000


Kontaktperson: Ingvild Haug, 22 24 61 07

Olje- og gassverksemda 2001

Statens inntekter frå petroleumsverksemda i 2001 er forventa å bli om lag 189 milliardar kroner. Dette er om lag 30 milliardar kroner høgare enn forventa inntekter for inneverande år.

Inntektene for 2001 er basert på ei oljepris på 180 kroner pr. fat, mot forventa inntekter for i år som er basert på 235 kroner pr. fat. Verdien av samla eksport frå petroleumsverksemda er forventa redusert med 40 milliardar kroner frå 2000 til om lag 270 milliardar neste år.

Den gjennomsnittlege oljeproduksjonen på norsk sokkel er venta å auka med om lag 130.000 fat pr. dag frå inneverande år til i underkant av 3,4 millionar fat pr. dag i 2001. Ein forventar at staten gjennom Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) vil stå for ein produksjon på om lag 1,4 millionar fat pr. dag. Eksporten av gass frå norsk sokkel er venta å auka med i overkant av 6 milliardar sm 3>, frå eit nivå på om lag 51 milliardar sm 3> i år til om lag 57 milliardar sm 3> i neste år.

Ein forventar at investeringane i petroleumsverksemda vil bli redusert. For 2001 er investeringane forventa å utgjera i overkant av 48 milliardar kroner, mot knapt

56 milliardar inneverande år. Leiteboring og leiteinvesteringar knytt til petroleumsverksemda er inkludert i dette overslaget. Investeringane i 2001 er i hovudsak bestemte av planane for prosjekt i drift og på felt der det er teke avgjerd om utbygging. Utviklinga for dei neste åra vil i stor grad avhenge av kor raskt nye prosjekt vert vedtatt utbygd.

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er forventa å bli om lag

189 milliardar kroner i 2001. Av dette er om lag 97 milliardar kroner betalte skattar og avgifter, og omlag 88 milliardar kroner i netto innbetalingar frå SDØE. Betalt utbytte frå Statoil er forventa å bli om lag 4 milliardar kroner i 2001.

Situasjonen i oljemarknaden har endra seg mykje sidan perioden med dei låge prisane i 1998 og starten på 1999. For å unngå ein for stram marknad har ei rekke produsentar auka produksjonen i år. Noreg reduserte reguleringa av norsk produksjon med 100.000 fat/dag frå og med 1. april i år, og avgjorde å ikkje føra vidare reguleringa etter 31. juni.

Oljeprisane har i periodar vore svært høge, noko som har ført til auka fokus på oljemarknaden. Det er fleire faktorar som medverker til å forklara utviklinga i oljemarknaden, blant anna at lagra framleis er låge. Marknadsbalansen indikerer likevel ein auke i lagra i 2000 med om lag like mykje som dei blei trekte ned i 1999. Auke i lagra vil venteleg også føra til lågare prisar.