Historisk arkiv

Satsing på renseteknologi for gasskraftverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 68/00
Dato: 04.10.2000


Kontaktperson: Ingvild Haug, 22 24 61 07

Satsing på renseteknologi for gasskraftverk

Regjeringa legg opp til ei kraftig opptrapping av støtta til vidareutvikling av renseteknologi for gasskraftverk gjennom å auka løyvingane med minst 20 millionar kroner over Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet sine budsjett.

-Regjeringa satsar aktivt på utvikling av teknologien som ytterlegare vil forsterka dei positive miljøeffektane ved gasskraft. Noreg har gode føresetnader for å liggja i front på dette området, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Arbeidet med utvikling og utprøving av slike teknologiar krev langsiktig innsats. Opptrappinga i 2001 må sjåast i forhold til eit meir langsiktig arbeid for å drive fram teknologiar for å redusera CO 2-utslipp frå kraftproduksjon. Ein skal arbeida vidare med å vurdera ulike ordningar for å utvikla slik teknologi. Dette gjeld både evaluering av dagens ordningar, og i forhold til kva som er kritiske faktorar for ei kommersiell utvikling av slike anlegg. Ein legg opp til å ha omfattande kontakt med forskingsmiljø og leverandørindustri i denne prosessen.

Dei store gassressursane i Noreg og gode moglegheiter for deponering av CO 2 gir eit godt grunnlag for arbeidet med å driva fram teknologiar for CO 2-fjerning frå gasskraftproduksjon. Regjeringa vil arbeida for at norske teknologimiljø, i samarbeid med andre land, bedrifter og institusjonar, kan få ein sterk posisjon når det gjeld forsking og utvikling av teknologi som reduserer utslepp frå produksjon av gasskraft.