Historisk arkiv

Sikring av liv og verdiar langs vassdrag som er utsette for kvikkleireskred

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 69/00
Dato: 04.10.2000


Kontaktperson: Ingvild Haug, 22 24 61 07

Sikring av liv og verdiar langs vassdrag som er utsette for kvikkleireskred

NVEs sitt arbeid med vern mot ras og flaum er foreslått styrka med 3 millionar kroner. Auken har samanheng med oppstart av eit særskilt program for sikring av liv og verdiar langs vassdrag som er utsette for kvikkleireskred.

Prosjektet er bygd opp av tre delprosjekt. Det skal gjennomførast analysar om risiko og fare for dei områda som er omfatta av eksisterande faresonekart. Vidare vil det bli utarbeidd eit system for overvaking og tilsyn med område der risikoen er særleg høg.

Basert på den informasjon ein får gjennom dei to første delprosjekta, vil vedlikehald og nybygg av sikringsanlegg verta gjennomført i prioritert rekkefølgje.

-Sikring mot skred og flaum er ei prioritert oppgåve for Regjeringa. Folk som bur langs utsette vassdrag skal føle seg trygge på at det vert gjennomført tiltak for å sikra liv og verdiar, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.