Historisk arkiv

Verdivurdering av Statkraft SF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 58/00
Dato: 26.09.2000

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Verdivurdering av Statkraft SF

Som eit ledd i Olje- og energidepartementet si oppfølging av eigarskapet av Statkraft SF har den internasjonale investeringsbanken Dresdner Kleinwort Benson og det norskbaserte firmaet Ernst & Young Corporate Finance gjennomført uavhengige verdivurderingar av føretaket. Vurderingane er basert på offentleg tilgjengeleg informasjon.

Olje- og energiminister Olav Akselsen seier i ein kommentar at verdivurderingane stadfestar departementet sitt inntrykk av at Statkraft er eit veldrive selskap. Sjølv om kraftprisane har vore låge i mange år, har ein hatt tilfredsstillande avkastning på innskotskapitalen. Akselsen understrekar at verdivurderingane er gjennomført for å styrka departementet si eigaroppfølging. Departementet tek sikte på å gjennomføra verdivurderingar av Statkraft med jamne mellomrom. Statsråd Akselsen legg til at han ser med interesse på at konsulentane gir positive vurderingar av Statkraft sin strategi om å delta aktivt i omstruktureringa av kraftnæringa.

Ernst & Young Corporate Finance vurderer marknadsverdien av Statkraft sin eigenkapital til å vere mellom 45 og 50 mrd. kr. Verdioverslaget tek utgangspunkt i at føretaket ikkje er børsnotert.

Dresdner Kleinwort Benson vurderer verdien til å vera mellom 27 og 33 mrd kr, forutsett ein børsnotering av føretaket. Ved sal til en industriell investor reknar dei eit påslag i verdien på 20 pst. Det vil seie eit verdianslag mellom 32 og 40 mrd. kr. For staten som eigar er det mest relevant å basera seg på det siste verdianslaget.

Begge verdianslaga ligg vesentleg over bokført verdi av eigenkapitalen som pr. 30.06.2000 utgjer ca 22 mrd. kr.

I tillegg til ein vurdering av eigenkapitalen sin marknadsverdi gir konsulentane kvalitative vurderingar av Statkraft si verksemd. Ernst & Young Corporate Finance peikar blant anna på at Statkraft si avgrensa utbygging av ny vannkraft og oppretting av langsiktige kraftutvekslingsavtalar på 1990-talet har vore særs lønnsamt i forhold til marknadssituasjonen ein ser i dag.

Etter departementet si vurdering gir konsulentane forretningsmessige argument som støttar under Statkraft sin strategi om å delta aktivt i omstruktureringa av kraftnæringa for å utnytta føretaket sin kompetanse og realisera stordriftsfordelar innan kraftproduksjon og engroshandel. Det blir i tillegg peika på at i selskapa der Statkraft har eigardeler, er det naudsynt med ein vesentleg konsolidering av nedstrømsaktivitetane (nett- og sluttbrukeromsetjing) før ein kan oppnå stordriftsfordeler.

Rapportane kan fåast frå Olje- og energidepartementet. Dresdner Kleinwort Bensons rapport er til trykking, og vil vera klar i løpet av få dagar.