Eit år med høg aktivitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 16.03.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 27/01
Dato: 16.03.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Eit år med høg aktivitet
I det året eg har vore olje- og energiminister har me jobba
aktivt og bevisst for å auka aktivitetsnivået og leggja tilhøva til
rette for at Noreg også i framtida skal vera ein stor og
livskraftig energiprodusent.
Eg er særleg glad for å sjå at avgjerder som me politikarar
har teke, har ført til at optimismen no er tilbake i olje- og
gassnæringa, og at industrien igjen satsar offensivt på framtida.
Denne situasjonen er positiv for næringa sjølv, men samstundes
fører det til mange ringverknader, for annan industri og for
samfunnet generelt.
Dette seier olje- og energiminister Olav Akselsen i samband med at regjeringa den 17. mars har eittårsjubileum. – Eg ser og fram til ein ny organisering av arbeidet med å leggja om energiproduksjonen og å redusera energiforbruket.
Olje- og energidepartementet (OED) har ansvaret for den norske olje- og gassverksemda og for saker knytta til energi- og vassdragsverksemda. Innan begge områda har aktiviteten vore høg.
Olje og gass:
Det er ei imponerande liste over oljerelaterte
prosjekt som er godkjende dette året.
- Delprivatiseringa av Statoil og sal av delar av SDØE er utan tvil den største og mest omfattande saka. Her vert det opna for nye eigarar i Statoil. Regjeringa ønskjer samstundes å restrukturera delar av SDØE (Statens direkte økonomiske engasjement). Som ein følgje av denne omleggjinga er det også foreslått å oppretta to nye selskap, eit selskap som skal forvalta SDØE og eit selskap som skal ha ansvaret for transport av gass.
- OED har lagt fram ei stortingsmelding om olje- og gassverksemda. I denne meldinga vert det lagt til rette for effektivisering av aktiviteten på sokkelen.
- Våren 2000 fekk selskapa nye oppgåver i samband med tildelingane i den
- 16. konsesjonsrunden.
- Ei rekkje utbyggjingssaker er godkjende: Grane, Vallhall vassinjeksjon, Ringhorne, Tambar, Heidrun Nord, Hod Gassløft, Ula-Gyda samanknytingsrøyrleidning, Kvitebjørn og Glitne.
Energi og vassdrag:
- Endringar i energilova. Regjeringa ønskjer å oppretta ein ny energiinstitusjon som skal arbeida med å leggja om energiproduksjonen og å redusera energiforbruket. I tillegg kjem ein del andre endringar i energilova.
- Departementet foreslår å tilføra Statkraft 6 milliardar i eigenkapital og å utvida låne- og garantiramma for selskapet.
- Ny konsesjon og framleis regulering av Numedalslågen.
- Regjeringa har tilrådd at ein ikkje gjennomfører dei tre vasskraftprosjekta i Svartisen/Saltfjellområdet.
- Ja til opprusting/utviding av Tyin-vassdraget. Dette vil gi cirka 250 GWh ny kraft.
- Opplegget for industrikontraktane er justerte.
- Omlegging av elhandel med Danmark.
- Statnett har inngått marknadsbaserte kontraktar for å hjelpa på effektsituasjonen.
I tillegg arbeider Olje- og energidepartementet med følgjande store saker:
- Gassmarknadsdirektivet
- Nordsjøtildelingane 2000
- Fram Vest
- Vale
- P2 brønnramme, Troll Vest
- Vesterled (gassrøyr)
- Strategi for bruk av naturgass i Noreg.