Historisk arkiv

Forsyningsskip på gass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Regjeringa har inngått ei avtale med Statoil og Eidesvik og Møkster Shipping som skal byggja to nye supply-båtar som skal gå på naturgass. Det er første gong i verda at forsyningsskip offshore skal nytta gass. Fartøya sine utslepp av nitrogenoksider vert redusert med 85 prosent. (02.07.01)

Pressemelding

Dato: 02.07.01

Forsyningsskip på gass - Noreg først i verda

Regjeringa har inngått ei avtale med Statoil og Eidesvik og Møkster Shipping som skal byggja to nye supply-båtar som skal gå på naturgass (LNG). Det er første gong i verda at forsyningsskip offshore skal nytta gass. Fartøya sine utslepp av nitrogenoksider (NOx) vert redusert med 85 prosent.

Dei to nye forsyningsskipa vil bli eit viktig bidag når regjeringa skal innfri Noreg sine plikter i samsvar med Gøteborg-protokollen. Innan år 2010 skal Noreg redusera utsleppa av NOx med 32 prosent.

-Denne avtala er eit godt døme på at industriell bruk av naturgass også er god miljøpolitikk. Forsyningsskipa er eit viktig pionerprosjekt, men berre starten på ei omstilling i kyst-Noreg. Skal vi klara å innfri miljøpliktene våre må styresmaktene gjera det mogeleg for all kysttrafikk å nytte naturgass som drivstoff i ei nær framtid, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Unik kutt-avtale
Avtalen mellom regjeringa og Statoil er unik. Olje- og energiminister Olav Akselsen og miljøvernminister Siri Bjerke har gått saman om å sikra Statoil høve til å kreditera reduksjonen i NOx-utslepp på supply-båtane på landanlegga langs kysten, der Statoil er operatør eller medeigar. På desse anlegga er det langt dyrare å få til reduksjonar i NOx. Statoil vert med dette den første operatøren på norsk sokkel som tek i bruk flytande naturgass på forsyningsskip. Skipa er kontrahert frå rederia Eidesvik og Møkster Shipping, og skal byggjast i Noreg. Dei skal vera i drift frå 2003. Skipa vil ha base i Bergen, og skal forsyna olje- og gassinstallasjonar i Tampen-området i Nordsjøen.

Store kutt i utslepp
På dei nye forsyningsskipa vil nitrogenoksider (NOx) bli kutta med heile 85 prosent samanlikna med konvensjonell dieseldrift. I reine tal vil dei to supply-båtane redusera dei årlege utsleppa med 420 tonn NOx. Også utsleppa av CO2 vert reduserte med 20 til 30 prosent i forhold til bruk av diesel. Prisen for å redusera NOx-utslippa på dei nye forsyningsskipa ligg på cirka 25 kroner per kilo NOx. Til samanlikning ville liknande reduksjonar på landanlegg ha kosta fleire gonger denne summen. I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) slapp Noreg i 1999 ut 230.000 tonn med NOx. I tråd med Gøteborg-protokollen skal desse utsleppa reduserast til 156.000 tonn innan 2010. Dersom heile den norske kysttrafikken la om frå diesel til naturgass, ville Noreg alt ha innfridd 70 prosent av denne reduksjonen.

CCB tilbyr naturgass
Coast Center Base (CCB) på Sotra vest for Bergen blir den første forsyningsbasen i landet som tilbyr naturgass som drivstoff til kundane sine.

- Vi planlegg i desse dagar saman med Naturgass Vest etablering av ein LNG- tank på basen med tilhøyrande forsyningsliner til båtane, seier administrerande direktør Kurt Andreassen ved CCB. Kvart år er det kring 2000 skip som bunkrar på CCB-basen, som er forsyningsbase for Statfjord, Veslefrikk, Gullfaks og Troll.

Kontaktpersonar:
Olje- og energidepartementet
Erlend Broli, politisk rådgiver
Tlf. 22 24 61 06 / 995 41 947

Statoil ASA
Knut Barland, miljødirektør
Tlf. 911 13 048

Eidesvik AS
Nils Himle, administrasjonssjef
Tlf. 53 42 45 00 / 951 01 973