Historisk arkiv

Interimsstyre for den nye energiinstitusjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 03/01
Dato: 04.01.2000

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Interimsstyre for den nye energiinstitusjonen

Regjeringa la rett før jul fram ein odelstingsproposisjon der ein foreslår å etablera eit energifond. Fondet skal brukast til finansiering av satsinga på omlegginga av energibruk og energiproduksjon. Regjeringa vil oppretta ein ny institusjon som skal forvalta fondet. Den nye verksemda skal lokaliserast i Trondheim og vil bli etablert medio 2001. Institusjonen skal vera fullt operativt frå 1. januar 2002. Hovudtrekka i forslaget til omorganisering har tidlegare fått brei støtte i Stortinget. Saka vil bli handsama i løpet av våren.

- For å halda tempo i arbeidet og sikra ryddige forhold i overgangen mellom dagens organisering og den nye institusjonen, har eg sett ned eit interimsstyre som skal førebu sjølve etableringa av institusjonen, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. - Eg har funne fram til folk med ulik bakgrunn og kompetanse, og eg har tru på at dei vil leggja eit godt grunnlag for det styret som skal ta over når Stortinget har gitt si tilslutning til forslaget.

Føljande vil vera med i interimsstyret:
Ted Hanisch (leiar)
Eimund Nygaard
Monica Havskjold

I tillegg vil NVE og Olje- og energidepartementet vera representerte.

Ted Hanisch har tidlegare vore arbeidsdirektør, direktør for CICERO og statssekretær ved Statsministerens kontor.

Eimund Nygaard er konsernsjef i Lyse Energi AS og har vore adm. dir. i Stavanger Energi AS.

Monica Havskjold er dagleg leiar av Calor consult AS og har tidlegare arbeidd i Enfo, Fjernvarmeforeningen og Energiselskapet Asker og Bærum AS.