Historisk arkiv

Nedsetjing av offentleg utval for utvikling av miljøvennleg naturgassteknologi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 116/01
Dato: 05.10.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Nedsetjing av offentleg utval for utvikling av miljøvennleg naturgassteknologi

Regjeringa har i statsråd i dag sett ned eit offentleg utval som skal vurdera ulike sider ved miljøvennleg bruk av naturgass. Mellom anna skal utvalet sjå på utviklinga av CO 2 – frie gasskraftverk. Utvalet skal vurdera ulike verkemiddel, herunder forslag til etablering og finansiering av eit selskap for forsking, utvikling, innovasjon og kommersialisering av nye teknologiar for miljøvennleg bruk av naturgass til energiføremål og industriell produksjon.

Noreg er ein stor produsent av naturgass. I dag blir nær all naturgass eksportert. Norsk gasseksport har medverka til energiforsyning og verdiskaping i Europa. Regjeringa ønskjer at ein større del av gassressursane skal takast i bruk i Noreg. Innanlands bruk av gass vil gje betre grunnlag for verdiskaping, industriell og teknologisk utvikling, og eit betre miljø.

-Siktemålet er å forsterka innsatsen for at Noreg og norske teknologimiljø skal få ein sterk posisjon i utviklinga av teknologi. Det er difor viktig å auka innsatsen innan forsking, utvikling og kommersialisering for å få ein meir miljøvennleg bruk av naturgass,seier statsråd Olav Akselsen.

Utvalet sitt mandat
Utvalet skal vurdera ulike organisasjonsformer for å fremja meir miljøvennleg bruk av naturgass til energiføremål, herunder etablering av eit selskap for å fremja utvikling av miljøvennleg teknologi.

Utvalet skal sjå på korleis forsking og utvikling kan brukast til å stimulera utprøving, kommersialisering og introduksjon av ny miljøvennleg bruk av naturgass i Noreg. Siktemålet er å forsterka innsatsen for at Noreg og norske teknologimiljø, i samarbeid med andre land, skal få ein sterk posisjon i utviklinga av teknologi.

Utvalet skal levera sluttrapport innan 1. mars 2002.

Samansetjing av utvalet
Utvalet skal bestå av følgjande 7 personar:

Kjell Bendiksen (leiar) adm. direktør, IFE, Akershus
Siri Engesæth, daglig leiar, Miljøstiftelsen Bellona, Oslo
Bente Hagem, konserndirektør, Markedsdivisjonen i Statnett SF, Oslo
Arent M. Henriksen,
rådgjevar, SIVA, Trondheim
Eirik Normann, avdelingssjef, Norges Forskningsråd, Oslo
Elisabeth Baumann Ofstad,
ass. direktør, Hydro Energi, Oslo
Geir Owren,
professor, Institutt for klima- og kuldeteknikk, NTNU, Trondheim

Sekretariatet for utvalet skal ligga i Olje- og energidepartementet.