Historisk arkiv

Nei til kraftutbygging i Homlavassdraget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 39/01
Dato: 05.04.2001
Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 07

Nei til kraftutbygging i Homlavassdraget

Olje- og energidepartementet har i dag vedteke å avslå søknaden frå Meraker Brug om å byggja to kraftverk i Homlavassdraget i Malvik kommune i Sør-Trøndelag.

Dei to kraftverka Storfossen og Foldsjøen var planlagde med ein samla årleg produksjon på om lag 24 GWh. Foldsjøen var tenkt nytta som reguleringsmagasin for dei to kraftverka.

-Etter ei samla vurdering av saka, har departementet avslått søknaden. Eg er nøgd med at me i denne saka har fatta ei avgjerd som tek omsyn til natur, miljø og friluftsliv i Homlavassdraget, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. -Vurderinga vår er at desse omsyna må tilleggast avgjerande vekt i forhold til fordelane ved ei regulering og utbygging.