Nytt gassforvaltningssystem
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 11.10.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 123/01
Dato: 11.10.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Nytt gassforvaltningssystem
Avvikling av Gassforhandlingsutvalet
Ved kongeleg resolusjon 1. juni 2001 blei det
vedteke at avsetting av norsk gass gjennom GFU til EØS-området
skulle avviklast mellombels frå 1. juni 2001. GFU vil bli permanent
avvikla frå komande årsskifte. Avgjerda er basert på auka modning
av norsk sokkel, opning av gassmarknadene i Europa og endringar i
selskapsstrukturane langs verdikjeda for gass, noko som tilseier at
produsentselskapa på norsk kontinentalsokkel bør få større
kommersiell handlefridom.
Gasstransportsystemet
Gasstransportrøyr og -anlegg på norsk sokkel blir i
dag eigd av ei rekkje ulike interessentskap med oljeselskap og
staten som eigarar. For å oppnå ein effektiv transport av gass på
norsk sokkel, må røyrsystema drivast som eit integrert
transportsystem. Dette blir i dag løyst av Statoil og vil bli ført
vidare av Gassco AS frå og med 1. januar 2002. Departementet vil
arbeida vidare med å sikra ein ikkje-diskriminerande tilgang til
ledig kapasitet i nettet. Det blir arbeidd med ei samordning av
ulike interessentskap for å oppnå eit effektivt gasstransportsystem
med eitt eigarskap. Departementet har som målsetjing at det på sikt
blir sikra ein statleg majoritetseigardel i det samordna
systemet.