Historisk arkiv

Olje- og gassverksemda 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 57/01
Dato: 11.05.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og gassverksemda 2001

Den venta gjennomsnittlege oljeproduksjon på norsk sokkel i år er nedjustert til 3,1 mill fat per dag. Produksjonen av olje er venta å nå ein topp neste år med produksjon på knapt 3,3 mill fat per dag. Gasseksporten frå norsk sokkel er i sterk vekst. For inneverande år ventar ein gassproduksjon på 60 milliardar m 3>, medan ein neste år ventar produksjon på 66 milliardar m 3>.

Venta investeringar for inneverande år er oppjustert med 13 milliardar kroner til 61 milliardar kroner. Venta investeringar for i år er no høgare enn investeringsnivået i fjor. Olje- og energidepartementet har og oppjustert venta investeringar for 2002 til 52 milliardar 2001-kroner. Kostnader til leiteboring og leiteinvesteringar knytta til petroleumsverksemda er inkludert i desse tala. Berre i løpet av det siste året har styresmaktene godkjent 12 utbyggingar med samla prosjektinvesteringar på om lag 50 milliardar kroner .

Betalt utbytte frå Statoil i år er fastsett til 5.668 millionar kroner basert på konsernet sitt årsresultat for 2000.

Ein ventar at staten sine inntekter frå petroleumsverksemda i år er oppjustert til om lag 223 milliardar kroner. Dette er vel 60 milliardar kroner høgare enn inntektene i fjor eller knapt 5 gongar dei årlege petroleumsinntektene i 1998 og 1999. For 2002 ventar ein statlege inntekter frå petroleumsverksemda på knapt 210 milliardar 2001-kroner. Dei forventa inntektene for 2001 og 2002 er basert på oljeprisføresetnader på høvesvis 225 og 190 2001-kroner per fat.