Historisk arkiv

Ordinær generalforsamling i Statoil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 50/01
Dato: 27.04.2001

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 07

Ordinær generalforsamling i Statoil

Det vart i dag halde ordinær generalforsamling i Statoil.

Generalforsamlinga attvalde følgjande medlemmar i styret for inntil 2 år:

Ole Lund

Kirsti Koch Christensen

Jerome Contamine

Finn A. Hvistendahl

Ellen Stensrud

Ingvar M. Sviggum

Knut Åm

Visekonsernsjef Bente Rathe i Gjensidige NOR har bedt om å få tre ut av styret i Statoil i samband med den planlagde privatiseringa og børsnoteringa av Statoil. Bente Rathe har kome til at hennar stilling som leiar av eit av Norges største investormiljø ikkje er forenleg med styreverv i eit børsnotert Statoil.

Generalforsamlinga godkjende også årsrekneskapen for 2000 slik det vart framlagt av styret, inkludert disponering av årsoverskotet. Utbytte for rekneskapsåret 2000 til utbetaling i 2001 vart fastsett til 5 668 millionar kroner i tråd med gjeldande utbyttepolitikk, 50 % av konsernet sitt resultat etter skatt.