Historisk arkiv

Reviderte tal for kraftproduksjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 12/01
Dato: 06.02.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Reviderte tal for kraftproduksjonen

Noregs vassdrags- og energidirektorat har hatt ein gjennomgang av tala for tilsig av vatn til kraftmagasina. I samband med dette arbeidet har NVE auka talet for middelproduksjonen for vasskraft med 4,6 TWh til om lag 118 TWh pr. år. Utover dette har elektrisitetsforsyninga ein produksjonskapasitet på vel ^2 TWh frå andre kjelder. Forbruket av elektrisitet var i 2000 om lag 123 TWh. Sjølv etter oppjusteringa av talet for produksjonskapasiteten må ein såleis i år med normal nedbør rekne med import av kraft.

- Det er bra at NVE no har gjennomførd ei vurdering og oppdatering av tilsigstala. Det er viktig med mest mogleg korrekt informasjon. Det gjev eit betre faktagrunnlag i energipolitikken, seier olje- og energiminister Olav Akselsen i ein kommentar.

Men Akselsen legg vekt på at det er store variasjonar i vasskraftproduksjonen og at me må rekna med tørrår med jamne mellomrom.

-Mi uro er fyrst og fremst kva som skjer når nedbøren sviktar og me får liten kraftproduksjon. Dei nye og høgare tala for middelproduksjonen endrar difor ikkje krava til meir produksjon og omlegging av forbruket, seier statsråd Akselsen.

Olje- og energidepartementet vil leggja fram ein gjennomgang av kraftbalansen i ei stortingsmelding før påske.