Historisk arkiv

Sal av delar av SDØE

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 61/01
Dato: 25.05.01

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 09

Sal av delar av SDØE

Stortinget vedtok under behandlinga av St.prp. nr. 36 (2000-2001) å gi Olje- og energidepartementet fullmakt til å selja 6,5 prosent av verdiane i SDØE til Norsk Hydro og andre. I den samanhengen inviterer Olje- og energidepartementet interesserte selskap til å indikera kva delar det vil kunne vera av interesse å kjøpa. Ei liste som syner i kva område staten kan vera innstilt på å selja delar er tilgjengeleg på Olje- og energidepartementet sine internettsider.

Selskapa blir bedne om å leggja ved ei kort grunngjeving for utvalet av dei aktuelle delane som det vil kunne vera av interesse å kjøpa. Svara til selskapa vil ikkje bli vurdert som bindande i den vidare salsprosessen. Ein legg mellom anna vekt på at sal av delar av SDØE skal gje auka verdiskaping på sokkelen. Den vidare salsprosessen vil mellom anna bli utforma på bakgrunn av selskapa sine svar. Selskapa blir bedne om å svara innan tysdag 12. juni.

Olje- og energidepartementet har ikkje teke endeleg avgjerd om kva delar som skal leggjast ut for sal.

- Eg tek sikte på å avslutta salet innan slutten av året. Salet vil gje auka verdiskaping på norsk sokkel. Samstundes vil det styrkje konkurransekrafta til norsk sokkel, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Brev - Tilbud om kjøp av SDØE-andeler

Liste over mulige SDØE- andeler