Historisk arkiv

Sal av SDØE-eigardelar til Statoil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 52/01
Dato: 03.05.01

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Sal av SDØE-eigardelar til Statoil

Den norske stat ved Olje- og energidepartementet og den norske stats oljeselskap a.s (Statoil) har i dag blitt samde om sal av SDØE-eigardelar i utvinningsløyver på norsk kontinentalsokkel frå staten til Statoil. Samstundes er det semje om sal av eigardelar i Mongstad terminal og enkelte røyrtransportsystem frå Statoil til staten.

-Eg er svært nøgd med at vi gjennom dette salet har lagt grunnlaget for vidare vekst og verdiskaping på norsk sokkel, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. -Statoil sitt kjøp av utvalde SDØE-eigardelar vil føra til ei betre ressursutnytting for norsk olje- og gassproduksjon.

-Lønsemda vil auka ved dei endringar det no er lagt opp til. Både staten, Statoil og resten av industrien vil dra nytte av dette, seier Akselsen. -Eg legg og vekt på at dette salet aukar konkurransekrafta på norsk sokkel, og verdiskaping i olje- og gassnæringa, held olje- og energiministeren fram.

Det er ein stor og viktig transaksjon staten og Statoil no gjennomfører. Dette er ein av dei største transaksjonane av felt- og røyreigardelar innafor olje- og gassnæringa som er gjennomført nokon gong. Likevel vil staten etter dette salet framleis eiga om lag 85 prosent av dagens SDØE-portefølje.

Salet inngår som eit viktig element i den pågåande restruktureringa av staten sitt eigarmessige engasjement i petroleumsverksemda, og er viktig for å gjennomføra ei vellykka børsintroduksjon av Statoil.

Nettovederlag frå Statoil til staten for SDØE-eigardelane vil vera 38,6 mrd. kroner etter skatt.

Nettovederlaget vil bli gjort opp med kontantar og ved at staten yter Statoil eit lån etter nærmare avtale.

Regjeringa gjorde i St.prp. nr. 36 (2000-2001) framlegg om å selja om lag 15 prosent av verdiane i SDØE til Statoil. I Stortinget sitt vedtak 26. april slutta eit fleirtal av Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre seg til regjeringa sitt framlegg, og ga Olje- og energidepartementet fullmakt til å gjennomføra salet.

Prosessen med sal av dei resterande 6,5 % av SDØE-eigardelar til Hydro og andre selskap vil starta i løpet av våren.

Foiler i PDF format

Fullstendig liste over deltakerandeler