Historisk arkiv

Tilbod om utvinningsløyver under Nordsjøtildelingane 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 34/01
Dato: 22.03.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Tilbod om utvinningsløyver under Nordsjøtildelingane 2000

Olje- og energidepartementet har i dag vedteke å gi 11 selskap tilbod om utvinningsløyve i Nordsjøen. Selskapa vil få tilbod om eigardelar i til saman 15 blokker eller delar av blokker.

- Nordsjøtildelingane 2000 er eit viktig ledd i den langsiktige ressursforvaltinga på kontinentalsokkelen. Gjennomføringa av desse tildelingane vil medverka til auka aktivitet i leitemiljøa og vil på sikt kunne gje nye feltutbyggingar. Dette vil jamna ut aktivitetsnivået og medverka til å sikra sysselsetjinga i næringa, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Nordsjøtildelingane 2000 blei lyst ut i september 2000 med søknadsfrist 14. desember 2000. Det blei i alt motteke søknader frå 13 oljeselskap på 16 av de 40 utlyste blokkene.

Det vært tilbydt 5 utvinningløyve i nye område.

Følgjande selskap er tilbydt operatørskap i nye område. Talet på operatørskap står i parentes:

Conoco (1), Enterprise (1), Phillips (1), RWE-DEA (1) og Statoil (1).

Følgjande selskap er tilbydt eigardelar i nye område (inkludert operatørskap). Talet på eigardelar står i parentes:

Agip (1), Aker Maritime (1), Chevron (1), Enterprise (3), EssoMobil (1), Fortum (1), Norsk Hydro (1) og RWE-DEA (2).

I tillegg har SDØE (statens direkte økonomiske engasjement) ein eigardel på 30 % i eit utvinningsløyve.

Nordsjøtildelingane 2000

Blokker eller delar av blokker

Selskap

Prosentdel

SDØE (%)

16/2,3

Statoil (operatør)
EssoMobil
Enterprise

30,00
25,00
15,00

30,00

26/1,2,4,5,7 og 8
31/10,11

Enterprise (operatør)
Norsk Hydro
RWE-DEA

40,00
30,00
30,00

34/5,6 og 9 (del)

Conoco (operatør)
Chevron
Fortum

40,00
30,00
30,00

35/1

Phillips (operatør)
Enterprise
Agip

40,00
30,00
30,00

35/3

RWE-DEA (operatør)
Aker Maritime

51,00
49,00

Se kart i PDF format