To nye utbyggingar i Nordsjøen godkjende
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemeldingen vil bli tilgjengelig kl 11.30
Pressemelding | Dato: 23.03.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 36/00
Dato: 23.03.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
To nye utbyggingar i Nordsjøen godkjende
To nye utbyggingar vart i dag godkjende i Statsråd:
Fram Vest, der operatøren Norsk Hydro har valt ei undervassutbygging der produksjonen vert fasa inn til Troll C-plattforma. Operatøren vurderer dei totale utvinnbare reservane til 17 mill. Sm 3 >olje og 8 mrd. Sm 3> gass. Produksjonen skal etter planen starta i oktober 2003, og vara fram til 2016.
Samla investeringar for Fram Vest er estimert til om lag 4 mrd. 2000-kroner. Sysselsetjingsverknadene er om lag 2450 årsverk i utbyggingsfasen.
Vale er eit gass- og kondensatfunn der operatøren Norsk Hydro planlegg ei undervassutbygging med oppkopling til Heimdalplattforma. Dei utvinnbare reservane er berekna til 3,3 mill. Sm 3> kondensat og 2,5 mrd. Sm 3> gass. Valefeltet er planlagd å komma i drift i juni 2002, men operatøren vurderer ein tidlegare start.
Samla investeringar for Vale er berekna til 624 mill. 2001-kroner. I tillegg kjem investeringar knytta til den nye stigerøyrsplattforma på Heimdal på 260 mill. kroner. Totale investeringar vil difor bli 884 mill. kroner.
-I tillegg til desse to utbyggingane har me i løpet av det siste året godkjent ei rekkje andre utbyggingar, som Grane, Valhall vassinjeksjon, Ringhorne, Tambar, Heidrun Nord, Hod Gassløft, Ula-Gyda samanknytingsrøyrleidning, Kvitebjørn og Grane. Desse utbyggingane har gjort at aktivitetane på norsk sokkel har tatt seg kraftig opp i leverandørindustrien landet over, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.