Historisk arkiv

Stiftelse av Enova SF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsråd Olav Akselsen - Stiftelse av Enova SF - Trondheim, 22.06.01

Stiftelse av Enova SF

Kjære forsamling!
Dette har vore ei fantastisk veke som eg vil hugse svært lenge. På mondag gjekk Statoil på børs. Det markerte ein førebels slutt på 15 månader jobbing for å vidareutvikla ei svært viktig næring for landet.

Veka vert no avslutta med stifting av det som skal vera det nye instrumentet for å bæra fram dei nye løysingane for energipolitikken framover. Denne saka har eg òg følgt heile tida eg har hatt ansvaret som Olje- og energiminister.

Eg er glad for at eg, som ein stolt far, får høve til å vera til stades på "fødestua", no når Enova formelt ser dagens lys for første gong. Eg trur eg har mine ord i behold når eg seier av danninga av Enova og etablering av energifondet er det viktigaste som har skjedd for satsing på meir effektiv energibruk, og produksjon av ny miljøvennleg energi i Noreg, nokon gong.

Energipolitiske rammer
Energiforsyninga er svært viktig for eit moderne samfunn som vårt. Vasskrafta står for nær all produksjon av straum i dette landet. Me har i vår sett kor avhengig me er av at det regnar. Det blir berre tydelegare at me dei siste åra har blitt svært sårbare når det regnar lite. Forbruket av energi stig som følgje av demografiske forhold, og fordi velstanden aukar. Samstundes har me sett at dereguleringa av energimarknaden har ført til at utbygging av ny produksjon nærmast har stoppa opp. Me har fått ei ubalanse mellom forbruk og produksjon, som gjer det naudsynt å setta i verk omfattande tiltak for å snu utviklinga.

Utfordringa framover er derfor tredelt; me må avgrensa veksten i energibruken, me må få ei meir fleksibel og allsidig energiforsyning gjennom auka bruk av vassboren varme i staden for straum der det er mogeleg. I tillegg må me leggja til rette for ny produksjon.

Akkurat no legg Regjeringa fram Klimameldinga for Kongen i Statsråd. Omlegging av energibruk og energiproduksjon er eit viktig element i Regjeringa sin politikk for å avgrensa utsleppa av klimagassar. I tillegg vil satsing på teknologiutvikling vera ei bærebjelke for å følgja opp pliktene våre frå Kyoto.

Deler av reduksjonane skal me ta her heime og deler skal me ta i samarbeid med andre land. Energipolitikken skal byggja opp under måla for klimapolitikken. Me må derfor bruka dei moglegheitene me har for å kombinera krav til ei trygg energiforsyning, samstundes som me fører ein energipolitikk som gjer lågare utslepp globalt.

Det er i dette skjeringsfeltet Enova skal operera. Satsinga på omlegging av energibruk og –produksjon skal nettopp gje betre balanse mellom forbruk og produksjon. Me skal vri forbruket frå elektrisitet til varme. Me skal satsa på dei framtidsretta og miljøvennlege energiløysingane. Enova skal ikkje driva med forsking, men vera med å bæra fram nye teknologiar og nye løysingar ut i marknaden.

Måla i energipolitikken
Då Stortinget handsama energimeldinga i fjor vår, var det semje, i første rekke mellom sentrum og Arbeidarpartiet, om satsing på omlegging av bruk og produksjon av energi i Noreg. Måla som vart sett, og som denne Regjeringa byggjer vidare på var at:

  • Me skal avgrensa bruken av energi,
  • at me skal ta i bruk 4 TWh meir vassboren varme basert på nye fornybare
    energikjelder, og
  • byggja ut 3 TWh vindkraft, innan 2010,
  • og at me skal auke bruken av naturgass innanlands.

Desse ambisiøse, konkrete og langsiktige måla måtte leda til ei anna organisering og ein ny modell for finansiering. Ei anna organisering måtte me ha, ikkje fordi dei som til no har hatt ansvaret har gjort ein dårleg jobb, men fordi me meiner at me gjennom endring kan få enno betre resultat.

Arbeidet til Enova skal finansierast av eit nyoppretta energifond. Fondsmidlane vil koma frå eit påslag i nettariffen og løyvingar over statsbudsjettet. Endring i finansieringsmodell måtte til for å ivareta krav til ei langsiktig og stabil satsing. Det er òg viktig for at måla skal bli nådd.

Etablering av Enova passar òg godt inn i Regjeringa sitt arbeid med fornying av offentleg sektor. Me får:

  • ei klarere ansvars- og rollefordeling enn tidlegare
  • auka fokus på konkrete resultat i forhold til overordna mål
  • auka vektlegging av konkurranse og,
  • stabile finansielle rammer som gjer høve til langsiktige satsingar

I sum gir dette ei meir slagkraftig organisering, og meir effektiv bruk av pengane.

Korleis skal Enova jobbe?
Enova skal sjå til at me når konkrete resultater i omleggingsarbeidet. Dette inneber mellom anna at Enova skal omsetta pengar frå energifondet i flest mogleg sparte eller nye miljøvennlege kilowattimar.

Enova skal ha stor fridom i sjølv å finna dei beste løysingane og utforma verkemiddel som gjer at måla blir nådd. Enova skal ta initiativ og få ting til å skje. I sitt arbeide skal dei i størst mogleg grad knyte til seg ulike eksterne samarbeidspartnerar.

Enova skal og stimulera til auka konkurranse i marknaden. Enova skal ha rolla som katalysator, dei skal byggja opp om marknaden, ikkje overta den. Her er Enova ein del av ein internasjonal trend. Etter som dereguleringa av energimarknadene skyt fart, er det no fleire land kor styresmaktene oppretter liknande marknadsnære selskap.

Enova skal stå for ein marknadsnær, offensiv og målretta innsats innan energiomlegging. Samstundes skal Enova òg vera med på å setta den energipolitiske dagsordenen i Noreg. Enova skal vera rådgjevar for departementet på viktige energipolitiske spørsmål. Eg vil lytta til desse råda.

Kvifor etablerer me Enova i Trondheim?
Regjeringa fører ein aktiv politikk for at ny statleg verksemd vert etablert utanfor Oslo. Når me skulle velja stad for Enova var det mange som meldte sin interesse for å husa den nye institusjonen. Me falt til slutt ned på Trondheim, etter skarp konkurranse mellom fleire stader i landet. Trondheim har gode kommunikasjonar med omverda, ein rimeleg stor arbeidsmarknad, som gjer det mogleg å trekka til seg naudsynt kompetanse. I tillegg har Trondheim, som universitets- og forskningsby, mykje fagkompetanse som Enova vil kunne dra nytte av.

Takkast dei som takkast bør
Enova skal føra vidare og styrka det arbeidet som fram til no har vore gjort av NVE og deira operatørar, og nettselskap og dei regionale enøksentra.

Alle desse aktørane vil framleis spela ei viktig rolle. Men rollene endrar seg.

NVE har ansvaret for rammeverket rundt omlegginga, til dømes konsesjonsgjeving, monopolkontroll og heilskapleg energiplanlegging.

Dei regionale enøksentra og NVE sine operatører må frå no av konkurrera med andre aktører om å få oppdrag frå Enova. Med så mykje god kompetanse og røynsle som finns her, trur eg det skal vera gode moglegheiter for interessante oppgåver òg i framtida.

Før Enova formelt blir stifta, vil eg på vegne av departementet gjerne takka dei som har vore sentrale i arbeidet i dei seinaste åra. Ein stor takk går til

  • NVE og særskild til dei tilsette i NVE sin enøkseksjon
  • til operatørane til NVE - KanEnergi, Opplysningskontoret for energi og miljø,
    Institutt for energiteknikk og Ole Gunnar Søgnen.
  • til nettselskapa og til dei regionale enøksentra som har hatt ansvaret for den
    lovpålagte enøken

Når det gjeld sjølve namnet "Enova" er me ein stor takk skyldig til Dag Vasenden ved Vestnorsk Enøk i Bergen. Med sitt forslag konkurrerte han ut Noregs fremste kommunikasjonsbyrå og vart slik Enova sin namnefar. Eg er særleg nøgd med at han har høve til å vera med oss i dag.

Styret

Departementet har oppnemnd følgjande styre for Enova:
Ted Hanisch, Oslo, som leiar.
Eimund Nygaard, Stavanger, nestleiar.

Som styremedlemmar er oppnemnd:
Bente Myhre Haast, Oslo
Eivind Bjøralt, Lillehammer
Monica Havskjold, Asker

Arbeidet i Enova sitt styre vil bli svært utfordrande og spanande. Eg ønskjer alle lykke til med arbeidet. Enova kan no formelt stiftast. Lukka til med arbeidet for framtida!

Les mer om Enova SF