Endringar i særlovene for Posten Norge BA og NSB BA
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.04.2000 | Sist oppdatert: 11.11.2006
Pressemelding
Nr.: 28/2000
Dato: 28.04.2000
Endringar i særlovene for Posten Norge BA og NSB BA
Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om endringar i lovene som mellom anna regulerer organiseringa av Posten Norge BA og NSB BA. Framlegga til endringar er ei følgje av dei nye aksjelovene og den nye rekneskapslova som vart sett i verk 1. januar 1999 og den nye revisorlova som vart sett i verk 1. august 1999.
Lovendringane omfattar i hovudsak den interne organiseringa i Posten Norge BA og NSB BA og ikkje sjølve selskapsforma. Framlegga til lovendringar er i tråd med intensjonane då dei to særlovselskapa blei danna i 1996 og fører ikkje til endringar i verksemda i selskapa, stillinga til dei tilsette eller staten si styring av selskapa.