Historisk arkiv

Frå 1. januar 2001: Promillegrense på 0,2 - for førarar av motorvogn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 118/2000
Dato: 13.12.2000

Frå 1. januar 2001: Promillegrense på 0,2 – for førarar av motorvogn

Frå 1. januar 2001: Promillegrense på 0,2 – for førarar av motorvogn Promillegrensa for førarar av motorvogn blir sett ned frå 0,5 til 0,2, med verknad frå 1. januar 2001. Ved brot på denne grensa vil det bli reagert med bot når promillen er mellom 0,2 og 0,5. Ved gjentatt brot vil det for promille mellom 0,2 og 0,5 bli reagert med bot, eller bot og fengsel på vilkår. Brot kan også føre til inndraging av førarkort.

Endringa i promillegrensa er i samsvar med tidlegare vedtatt endring i lov om vegtrafikk.

Lovendringa er tidlegare gjort kjent mellom anna i Norsk Lovtidend og gjennom ei rekkje oppslag i presse, radio og fjernsyn. I dagane 18. – 19. desember vil lovendringa også bli gjort kjent gjennom annonsar i aviser over heile landet.

Opplysningar om lovendringa er dessutan å finne på Internett, på heimesidene til Samferdselsdepartementet http://odin.dep.no/sd. Her er det også lagt inn peikarar til ein del bakgrunnsmateriale.