Historisk arkiv

Hordaland: Omlegging av riksveg 542 ved Stokkajuvet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 34/2000
Dato: 12. mai 2000

Hordaland: Omlegging av riksveg 542 ved Stokkajuvet

Riksveg 542 ved Stokkajuvet i Bømlo i Hordaland skal leggjast om. Arbeidet skal vere ferdig så snart som mogeleg etter at ein våren 2001 har opna for trafikk på den delen av Trekantsambandet som fører til Bømlo, går det fram av eit forslag som regjeringa la fram i statsråd i dag.

Regjeringa går inn for at Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap A/S skal få løyve til å utvide bompengeperioden på Trekantsambandet med om lag tre månader for å finansiere 50 prosent av dei i alt 30 millionar kroner som arbeidet er rekna å koste. Regjeringa gjer elles framlegg om at Bømlo kommune skal få høve til å forskottere inntil 15 millionar kroner til byggjearbeidet. Dette beløpet, utan tillegg for kompensasjon for renter og prisstigning, skal betalast tilbake frå staten innanfor den fylkesfordelte riksvegramma til Hordaland i løpet av perioden 2002-2011.

Arbeidet vil føre til at eksisterande veg blir erstatta med ein ny veg på ei 1740 meter lang strekning. 300 meter av denne strekninga er ein tunnel. Etter at den nye vegen er ferdig, vil eksisterande veg bli nytta som gang- og sykkelveg og som lokalveg.

I framlegget frå regjeringa blir det vist til at vegen gjennom Stokkajuvet har ein dårleg standard i dag. Vanskelege stigningsforhold, smal vegbane og dårlege sikttilhøve gjer at strekninga i dag er ein flaskehals i vegnettet på Bømlo. Det blir rekna med enda større problem når ein våren 2001 opnar for trafikk på den delen av Trekantsambandet som går til Bømlo. Omlegginga av vegen vil gi høgare vegstandard og vil derfor føre til tryggare trafikk. Ved at ein får bort denne flaskehalsen i vegnettet, blir det lettare for trafikken å komme fram. Dette gjeld særleg for tungtrafikken, går det fram av forslaget.

I forslaget blir det elles vist til at ei gjennomføring av arbeidet med Stokkajuvet parallelt med byggjearbeidet på Trekantsambandet gir grunnlag for ei rimelegare utbygging.