Historisk arkiv

Nord-Jæren: Bompengefritak for ferdsel mellom bustad og kommunesenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Dette er klart etter at Samferdselsdepartementet no har handsama fleire klager som gjeld vedtak om utforminga av takstsystemet for bompengeordninga. (21.12.2000)

Pressemelding

Nr.: 122/2000
Dato: 21.12.00

Nord-Jæren: Bompengefritak for ferdsel mellom bustad og kommunesenter

For bompengeordninga på Nord-Jæren skal det vere fritak frå bompengebetaling for ferdsel mellom eigen bustad og inn til kommunesenteret i bustadkommunen.

Dette er klart etter at Samferdselsdepartementet no har handsama fleire klager som gjeld vedtak om utforminga av takstsystemet for bompengeordninga. Avgjerda til Samferdselsdepartementet er i samsvar med tilråding frå Vegdirektoratet.

Samferdselsdepartementet har elles – og i tråd med tilråding frå Vegdirektoratet - avgjort at traktorar og landbruksmaskiner skal vere fritatt for å betale bompengar. Departementet gjer det også klart at ein trafikant ikkje skal betale for meir enn ei bompassering per time. Eit slikt "passeringstak" gjeld for både for manuell og elektronisk betaling av bompengar.

Nærmare opplysningar og kommentar: Statssekretær Eirin K. Sund 51 61 89 13 eller 99 54 19 57