Historisk arkiv

Statens vegvesen: Auka utgifter til ferjedrift og drift og vedlikehald av riksvegar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 30/2000
Dato: 12. mai 2000

Statens vegvesen: Auka utgifter til ferjedrift og drift og vedlikehald av riksvegar

Statens vegvesen reknar med at utgiftene til tilskot til drift av riksvegferjene og til

drift av riksvegane vil bli til saman 340 millionar høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn i vedtatt budsjett for i år. Desse meirkostnadene er fordelte med 145 millionar kroner til ferjedrift og 195 millionar kroner til drift av riksvegnettet.

For ferjedrifta har kostnadsveksten særleg samanheng med at prisen på råolje er blitt vesentleg høgare enn det som blei lagt til grunn i tidlegare vedtatt budsjett for 2000. Kostnadsveksten for drift av riksvegane gjeld særleg vinterdrift, med brøyting, strøing og salting. Det er først og fremst dei uvanleg store snømengdene i Nord-Noreg som har ført til problem for vinterdrifta. I tillegg kjem så at auken i prisen på råolje har ført til auka prisar for drivstoff til køyretøy og maskinar og olje til asfaltlegging, noko som igjen også har innverknad på kostnadene for drift og vedlikehald av vegnettet.

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at meirbehovet på 340 millionar kroner skal dekkjast slik:

  • 5 prosent auke i ferjetakstane frå 1. mai i år. Denne takstauken er venta å gi 35 millionar kroner i meirinntekter. Samferdselsdepartementet ser det som viktig i størst mogleg grad å føre vidare gjeldande nivå for rutetilbodet i ferjedrifta. Det er likevel høve til redusere tilbodet der det er trafikkmessig grunnlag for det. Ein reduksjon i tilbodet vil i tilfelle først bli gjennomført frå 1. september i år.
  • Ei omdisponeringar for 105 millionar kroner innan budsjettposten Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar, noko som vil føre til reduksjon i ein del driftsoppgåver på riksvegnettet i sommar.
  • Ei omdisponering på 110 millioner kroner frå løyvinga til riksveginvesteringar.
  • Ei omdisponering på 50 millionar kroner frå budsjettposten Legging av fast dekke på riksvegar.
  • Ei omdisponering av 40 millionar kroner frå budsjettposten Tilskot til fylkesvegformål.

Riksveginvesteringar

Som ein del av regjeringa sitt finanspolitiske opplegg blir det gjort framlegg om ein reduksjon på 20 millionar kroner i løyvinga til riksveginvesteringar. Dette beløpet kjem i tillegg til omdisponeringa på 110 millionar kroner for å dekkje inn delar av meirkostnadene på i alt 340 millionar kroner til drift av riksvegferjer og riksvegar. Den samla reduksjonen i løyvinga til riksveginvesteringar blir dermed på 130 millioner kroner i år.

- Situasjonen i 2000 er prega av at særs mange anlegg er i sluttfasen. Det vil bli prioritert å gjennomføre rasjonell anleggsdrift i størst mogleg grad. Innsparinga vil for det første bli gjennomført ved å utsetje arbeid på større prosjekt der arbeidet alt er kome i gang og der dette ikkje fører til utsetjing av opning for trafikk eller auke i kostnadene. Dessutan vil ein få til ein del innsparing ved å redusere utbygginga av somme mindre investeringstiltak, går det fram av forslaget frå regjeringa.

Tilskot til fylkesvegformål

Som ein del av regjeringa sitt finanspolitiske opplegg blir det gjort framlegg om å redusere posten Tilskot til fylkesvegformål med enda 62 millionar kroner. Dette beløpet kjem i tillegg til beløpet på 40 millionar kroner som skal omdisponerast for å dekkje delar av meirkostnadene til drift av riksvegferjer og riksvegane. Den samla reduksjonen i tilskot til fylkesvegformål blir dermed på til samen 102 millionar kroner i år. – Reduksjonen vil bli gjennomført innanfor Forsterkingsprogrammet og tilskotsprogramma Store prosjekt og Trafikktryggleikstiltak. Når det gjeld Trafikktryggleikstiltak, er det overført ubrukte løyvingar på om lag 79 millionar kroner frå 1999 til 2000. På grunn av plansituasjonen reknar Statens vegvesen ikkje med å kunne bruke alle disponible midlar i 2000, som er på til saman 190 millionar kroner for tilskottsprogrammet Trafikktryggingstiltak, går det fram av forslaget frå regjeringa.