Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2001: Luftfartsføremål: 700 millionar kroner til investeringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 98/2000
Dato: 04. oktober 2000

Luftfartsføremål: 700 millionar kroner til investeringar

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 1 182,6 millionar kroner til luftfartsføremål i 2001.

Utgiftene til drift av det statlege luftfartsnettet vil også i 2001 i all hovudsak bli dekte av dei inntektene staten har frå luftfarten, det vil seie inntekter frå luftfartsavgifter og frå forretningsverksemd ved flyplassane.

Nær 390 millionar kroner er sette av til statleg kjøp av flyrutetenester, på regionale flyrute- strekningar som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame.

Vel 94 millionar kroner er sett av som tilskott for å dekkje delar av utgiftene til drift og investeringar ved dei regionale lufthamnene som staten overtok i 1997 og 1998.

Investeringar: 700 millionar kroner

Til investeringar ved lufthamnene, utanom Oslo lufthamn Gardermoen, er det gjort framlegg om i alt 700 millionar kroner, fordelt med 536 millionar kroner på stamrutenettet og 164 millionar kroner til dei regionale lufthamnene.

Større bygg og anlegg ved stamruteflyplassane.

Innanfor investeringsmidlane for stamrutenettet er 219,7 millionar kroner sette av til større bygg og anlegg ved stamruteflyplassane, med denne fordelinga:

20,5 millionar kroner til Trondheim lufthamn, Værnes, fordelt med 5,5 millionar kroner som sluttløyving til prosjektet "Ny taksebane vest" og 15 millionar kroner til nytt tårn- og sikringsbygg.

91,2 millionar kroner til utviding av ekspedisjonsbygg ved Stavanger lufthamn, Sola.

50 millionar kroner til utviding av bagasjehall og avgangshall ved Bergen lufthamn, Flesland.

58 millionar kroner til utskifting av flykontrollsystem ved kontrollsentralane ved lufthamnene i Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø.

Investeringar ved regionale lufthamner

164 millionar kroner er sette av til investeringar ved dei regionale lufthamnene. Midlane skal mellom anna nyttast til avsluttande arbeid med nytt kontrolltårn ved Florø lufthamn og til oppgradering av endefelt og lysanlegg ved lufthamnene i Rørvik og Mehamn.

Trafikkutvikling

I budsjettframlegget er det rekna med to prosent vekst i volum for trafikkinntektene for Luftfartsverket i 2001, samanlikna med budsjett for 2000. Dessutan er det, i budsjettframlegget, lagt til grunn ein gjennomsnittleg auke med to prosent i satsane for luftfartsavgifter.

Luftfartstilsynet

108,8 millionar kroner er sett av til Luftfartstilsynet, som frå 1. januar i år vart eit ordinært forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet. Luftfartsverket sine tilsynsoppgåver og oppgåver som luftfartsstyresmakt er, i all hovudsak, frå og med denne datoen bli overførte til Luftfartstilsynet.

Havarikommisjonen for sivil luftfart

16 millionar kroner er avsett til Havarikommisjonen for sivil luftfart, som er eit forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet. Regjeringa legg opp til at Havarikommisjonen skal styrkjast, i samband med at det i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2002-2011 er gjort framlegg om at kommisjonen også skal få ansvar for å granske hendingar og ulykker i jernbanesektoren.