Historisk arkiv

Utbygging av Hannissdalslinja: Skal fullt ut finansierast av bompengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 35/2000
Dato: 12. mai 2000

Utbygging av Hannisdalslinja: Skal fullt ut finansierast av bompengar

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at Osterøy Bruselskap A/S skal få høve til å finansiere utbygging av vegprosjektet riksveg 566 Hannisdalslinja i Osterøy kommune i Hordaland.

Prosjektet omfattar bygging av 6,1 kilometer ny veg langs Hannisdalen mellom Rolland og Hauge. Den nye vegen er ein del av tilførselsvegsystemet til Osterøybrua. Byggjearbeidet skal etter planen ta til i sommar eller i haust i år. Det er lagt opp til ei byggjetid på om lag 18 månader.

Kostnadsoverslaget for prosjektet er rekna til 100 millionar kroner, som skal finansierast fullt ut ved at bompengeselskapet tar opp eit lån. Det er elles ein føresetnad at heile lånet skal betalast med bompengar som blir kravde inn på Osterøybrua.

I framlegget frå regjeringa blir det vist til at utbygging av prosjektet er med på auke nytten av Osterøybrua, som blei opna for trafikk hausten 1997. – Når den nye vegen står ferdig, vil han bli hovudveg mellom fastlandet og tettstadene Valestrand og Lonevåg. Vegen på denne strekninga har i dag særs slett standard, med dårlege tilhøve for fotgjengarar og syklistar. Deler av vegstrekninga er dessutan svingete og bratt. For trafikantane vil bygging av ny veg føre til betre forhold, går det fram av forslaget frå regjeringa.