Kollektivtransport: Landsomfattande ordning med ungdomskort
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.05.2001 | Sist oppdatert: 11.11.2006
Samferdselsdepartementet arbeider no med opplegget for ei landsomfattande ordning med ungdomskort. Saka skal leggjast fram for Stortinget i samband med forslag til statsbudsjett for 2002 (11.05.01)
Pressemelding
Nr.: 44/2001
Dato: 11.05.01
Kollektivtransport: Landsomfattande ordning med ungdomskort
- Samferdselsdepartementet arbeider no med opplegget for ei landsomfattande ordning med ungdomskort. Ei slik rabattordning kan vere med på å få ein større del av dei unge til å reise kollektivt. Eg tar sikte på at saka skal leggjast fram for Stortinget i samband med forslag til statsbudsjett for 2002, opplyser samferdselsminister Terje Moe Gustavsen.
Ei orientering om arbeidet med saka er tatt inn i eit forslag som blei lagd fram i statsråd i dag, og som gjeld ein del saker på ansvarsområdet til Samferdselsdepartementet. I orienteringa blir det mellom anna vist til at omlag halvparten av fylkeskommunane allereie har innført ulike ordningar med ungdomskort.
Sjå elles:
St.prp. nr 76 (2000-2001) Om ein del saker på
Samferdselsdepartementets område.