Historisk arkiv

Informasjon om Nasjonal transportplan: - Berre eit tastetrykk unna!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Viktig offentleg informasjon om Nasjonal transportplan 2002 – 2011 er tilgjengeleg på Internettsidene til Samferdselsdepartementet. (14.02.01)

Pressemelding

Nr.: 11/2001
Dato: 14.02.01

Informasjon om Nasjonal transportplan: - Berre eit tastetrykk unna!

Viktig offentleg informasjon om Nasjonal transportplan 2002 – 2011 er tilgjengeleg på Internettsidene til Samferdselsdepartementet: odin.dep.no/sd/norsk/transport/

Her finn du Stortingsmelding nr. 46 (1999-2000) om Nasjonal transportplan 2002-2011, som regjeringa la fram i slutten av september i fjor, saman med innstilling frå Samferdselskomiteen på Stortinget og pressemeldingar frå Samferdselsdepartementet. På denne nettstaden finn du dessutan svar frå samferdselsministeren på meir enn 90 spørsmål frå Samferdselskomiteen, i samband med komiteen si handsaming av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan. I tillegg kjem mellom anna lenkjer til høyringsdokument, aktuelle foredrag og referat frå spørjetimen i Stortinget – alt i samband med Nasjonal transportplan.

Stortingsinnstillinga og -meldinga om Nasjonal transportplan skal handsamast i Stortinget torsdag 15. februar i år.