Riksveg 5 Knapstad - Kvalvik: Anleggsarbeidet skal ta til i haust
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.05.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 54/2001
Dato: 11.05.01
Riksveg 5 Knapstad – Kvalvik: Anleggsarbeidet skal ta til i haust
Samferdselsdepartementet går inn for at arbeidet med vegprosjektet Knapstad – Kvalvik, på riksveg 5 i Sogn og Fjordane, skal ta til hausten 2001. Prosjektet er no rekna å koste i alt 70 millionar kroner, og omfattar 3,3 kilometer ny riksveg utanom Eikefjord sentrum. Det er lagt til grunn at midlane i 2001 blir stilte til rådvelde som forskot frå bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS. Prosjektet er ein del den vidare utbygginga av riksveg 5 mellom Førde og Florø.
Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på området til Samferdselsdepartementet. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.
Sjå elles:
St.prp. nr 76 (2000-2001)
Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område.