Lovleg med private vinlotteri
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 21.12.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Frå 1. januar kan ein ha vinlotteri på jobben eller privat med godt samvit.
Pressemelding
Nr.: 109
Dato: 21.12.200
Lovleg med private vinlotteri
Frå 1. januar kan ein ha vinlotteri på jobben eller privat med godt samvit.
Alkohollova § 8-6 andre ledd, som gjer unntak frå forbodet mot bruk av alkoholhaldige drikkevarer som gevinst eller premie i privat samanheng, trer i kraft frå 1. januar 2001. Regelen blei endra allereie i 1997, men endringa har ikkje vore sett i verk, i påvente av endring av eit tilsvarande forbod i lotterilova.
Unntaket gjeld berre smålotteri i privat samanheng. Det inneber at det no blir lovleg å ha vinlotteri blant kollegaer på arbeidsplassen, eller blant medlemmene i små private foreiningar.
Det allmenne forbodet mot bruk av alkoholhaldige drikkevarer som gevinst eller premie gjeld elles som tidlegare. Det er framleis forbode å nytte alkoholhaldig drikk som premie eller gevinst i lotteri og liknande som er ope for alle, eller ein vidare personkrins, t. d. alle tilsette i større bedrifter og foreiningar.
Kontaktpersonar:
avdelingsdirektør Inger Gran, 22 24 85 25
underdirektør Tone Wilberg, 22 24 85 28