Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 81/2000
Dato: 2. juni 2000

Priv. til red.:
Statsministerens program

Måndag 5. juni kl. 10.00 tek statsministeren imot den tyrkiske statsministeren, Bülent Ecevit, til samtale på Statsministerens kontor. Ein pressepool der APOR, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, og Scanpix deltek frå norsk side, har høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 10.50 er dei to statsministrane tilgjengelege for pressefolk same staden. Kl. 13.30 er statsministeren mellom gjestene i kong Harald V sin lunsj for den tyrkiske statsministeren, på Slottet. Kl. 19.30 er statsministeren vert for regjeringsmiddagen i høve den tyrkiske gjestinga, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 19.00. Ein pool med følgjande norske deltakarar har høve til å fotografere medan gjestane gjeng til bords: NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, og Scanpix.

Den tyrkiske statsministeren, Bülent Ecevit, er på offisiell gjesting i Oslo måndag 5. og tysdag 6. juni. For oversyn over det samla presseprogrammet, viser vi til Utanriksdepartementet sitt pressekontor.

Tysdag 6. juni kl. 09.30 talar statsministeren på generalforsamlinga i Teknologibedriftenes Landsforening, på Rica Holmenkollen Park Hotell i Oslo. Kl. 11.00 opnar han det fyrste møtet om arbeidet mot smittsomme sjukdomar i Austersjø-landa, i Norges Internasjonale Pressesenter i Vestbanebygget i Oslo. Møtet er kome i stand etter statsministeren sitt initiativ på Austerjøtoppmøtet i Kolding i april i år, og vert arrangert av Sosial- og helsedepartementet.

Tysdag 6. juni kl. 11.30 tek statsministeren i mot ei utgreiing om klårare arbeidstilhøve for statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar i departementa, på Statsministerens kontor. Utgreinga, NOU 2000:11 Politikerutvalget, er laga av eit utval som vart oppnemmnd i statsråd 10. mai i fjor. Utvalet har vore leia av trygderettsleiar Ingse Stabel, og har hatt medlemar frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Tysdag 6. juni kl. 18.00 legg statsministeren fram planane for regjeringa sitt arbeid fram mot stortingsvalet hausten 2001, på representantskapsmøtet i Bergen Arbeidarparti, i Folkets Hus i Bergen.

Onsdag 7. juni kl. 15.30 er statsministeren til stades under avdukinga av eit portrett av kong Harald V, på Stortinget.

Torsdag 8. og fredag 9. juni deltek statsministeren i dei nordiske statsministrane sitt sommarmøte, i Skagen i Danmark. I den fyrste delen av møtet deltek óg presidenten i Sør-Afrika, Thabo Mbeki. Pressekontakt er statssekretær Jan-Erik Larsen, telefon 99 54 19 67. Statsministrane bur på Strandhotellet i Gamle Skagen. Pressefolk som tenkjer å dekke møtet, må melde fra til Udenrigsministeriets Informationssekretariat i København, telefaks 00 45 33 92 19 18 eller e-post infor@um.dk.

Torsdag 8. juni kl. 09.45 tek det nordiske statsministermøtet til med tosidige samtalar mellom president Thabo Mbeki og dei einskilde statsministrane, på Strandhotellet i Gamle Skagen. Samtalen mellom Mbeki og statsminister Jens Stoltenberg finn stad der kl. 10.20. Kl. 12.20 inviterer verten, statsminister Poul Nyrup Rasmussen, til lunsj på Brøndums Hotel i Skagen. Kl. 13.35 dreg følgjet på gjesting til Grenen, den nordlegaste odden på Jylland. Kl. 14.30 er det sams møte mellom Mbeki og dei nordiske statsministrane, på Skagen Odde Naturcenter, med etterfølgjande sams pressekonferanse same staden kl. 16.10. Etter at Mbeki har forlate møtet kl. 16.30, held dei nordiske statsministrane fram med møtet kl. 16.45, også det på Skagen Odde Naturcenter. Kl. 18.45 held dei sams pressekonferanse same staden. Kl. 20.15 er statsminister Nyrup Rasmussen og Lone Dybkjær vertskap for middagen, på Skagens Museum.

Fredag 9. juni kl. 10.00 gjestar statsministrane Nordsømuseet i Hirtshals, og kl. 11.45 godset Børglum Kloster. Møter vert avslutta med lunsj på Børglum Kloster kl. 12.30.