Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 78/2000
Dato: 26. mai 2000

Priv. til red.:
Statsministerens program

Tysdag 30. mai kl. 18.00 tek statsministeren imot den britiske utanriksministeren, Robin Cook, til samtale i Regjeringa sin representasjonsbustad i Parkvegen 45 i Oslo. Samtalen finn stad like etter Cook sin pressekonferanse saman med utanriksminister Thorbjørn Jagland, også den i Parkvegen 45. Det er høve til å fotografere.

Måndag 5. juni kl. 10.00 tek statsministeren imot den tyrkiske statsministeren, Bülent Ecevit, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 10.50 er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden. Kl. 13.30 er statsministeren mellom gjestene i kong Harald V sin lunsj for den tyrkiske statsministeren, på Slottet. Kl. 19.30 er statsministeren vert for regjeringsmiddagen i høve den tyrkiske gjestinga, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 19.00. Ein pool med følgjande deltakarar har høve til å fotografere medan gjestene gjeng til bords: APOR, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, Scanpix, Se og Hør.