Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 56/2000
Dato: 7. april 2000

PRIV. TIL RED.:
STATSMINISTERENS PROGRAM

Måndag 10. april kl. 12.00 deltek statsministeren i kong Harald si offisielle mottaking av kong Abdullah II av Jordan, på Slottsplassen i Oslo. Kl. 20.00 er statsministeren mellom gjestene ved det norske kongeparet sin gallamiddag i høve statsgjestinga frå Jordan, på Slottet.

Tysdag 11. april kl. 13.00 er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag i høve den jordanske statsgjestinga, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 12.30. Ein pool der Scanpix og TV2Nyhetene deltek frå norsk side, har høve til å fotografere i det gjestene gjeng til bords og under talane. Kl. 15.30 tek statsministeren i mot kong Abdullah II til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere i det dei to møtest utanfor regjeringsbygget. Ein pool der Dagbladet, Scanpix og VG deltek frå norsk side, har høve til å fotografere ved innleiinga til samtalen. Kl. 20.00 er statsministeren mellom gjestene ved kong Abdullah II sin middag på Grand Hotell i Oslo.

Onsdag 12. og torsdag 13. april leiar statsministeren toppmøtet i Austersjørådet, der Noreg har formannsskapen dette året, i Kolding i Danmark. Statsministeren kjem til Kolding onsdag ettermiddag, og returnerer til Oslo torsdag ettermiddag. Følgjet bur på Radisson SAS Hotel Koldingfjord, telefon 00 45 75 51 00 00 – telefaks 00 45 75 51 00 51. Pressekontakt er statssekretær Jan-Erik Larsen, telefon 99 54 19 67.

Onsdag 12. april frå kl. 17.00 vil statsministeren ha tosidige samtalar med mellom andre statsministrane Jerzy Buczek (Polen) og David Oddsson (Island), og EU-kommisjonen sin president Romano Prodi, på Hotel Koldingfjord. Kl. 19.00 reiser deltakarane i toppmøtet med båt og buss til Koldinghus slott, der det er offisiell middag kl. 20.00.

Torsdag 13. april kl. 09.30-11.00 og 11.15-12.45 leiar statsministeren dei to møtesesjonane under Austersjøtoppmøtet, på Hotel Koldingfjord i Kolding. Kl. 13.00 har statsministrane Jens Stoltenberg og Poul Nyrup Rasmussen (vert for møtet) sams pressekonferanse same staden. Toppmøtet vert avslutta med lunsj på hotellet. Statsministeren reiser attende til Oslo torsdag ettermidddag.

Fredag 14. april kl. 09.00 tek statsministeren i mot EU-høgrepresentant Javier Solana til arbeidsfrukost på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved innleiinga.