Historisk arkiv

Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Statsministerens kontor

.

Pressemelding

Nr.: 44/2000
Dato: 24 mars 2000

Priv til red.:
Statsministerens program


Måndag 27. mars kl. 11.00 tek statsministeren imot statsministeren i Den tsjekkiske republikken, Milos Zeman, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl.11.45, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden. Kl. 13.30 er statsministeren mellom gjestene under Kongen sin lunsj for statsminister Zeman, på Slottet. Kl. 19.30 er statsminsteren vert for ein regjeringsmiddag i høve den tsjekkiske statsministergjestinga, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 19.00. Følgjande pool har høve til å arbeide når gjestene gjeng til bords: APOR, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, Scanpix, Se og Hør.

Onsdag 29. mars kl. 19.30 er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag i høve den danske statsministeren, Poul Nyrup Rasmussen, si gjesting i Oslo, på Akershus slott kl. 19.30. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 19.00. Følgjande pool har høve til å arbeide når gjestene gjeng til bords: APOR, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, Scanpix, Se og Hør.

Torsdag 30. mars kl. 09.45 tek statsministeren imot statsminister Nyrup Rasmussen til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 11.00, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden. Kl. 14.00 er statsministeren mellom gjestene under Kongen sin lunsj for statsminister Nyrup Rasmussen.