Historisk arkiv

Statsministerens program uke 26-00

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 94/2000
Dato: 23. juni 2000

Priv. til red.
Statsministerens program

Måndag 26. juni kl. 11.00 tek statsministeren i mot den irske statsministeren, Bertie Ahern, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Kl. 12.30 er statsministeren vert for ein lunsj for Ahern, på Bølgen& Moi på Henie-Onstad Kunstsenter på Høvikodden. Der er dei to tilgjengelege for pressefolk kl. 14.00. For det samla programmet for Ahern si offisielle gjesting i Oslo 26. juni, viser vi til UD sitt pressekontor.

Måndag 26. juni kl. 15.15 tek statsministeren i mot presidenten i Nigeria, Olusegun Obasanjo, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 16.00, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden. Kl. 20.00 er statsministeren vert for regjeringsmiddagen i høve Obasanjo si offisielle gjesting i Noreg, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggården frå kl. 19.30. Ein pool med følgjande deltakarar frå norsk side har høve til å fotografere i det gjestane gjeng til bords: APOR, NRK/Dagsreveyen eller TV2Nyhetene, Scanpix, Se og Hør.

Tysdag 27. juni om føremiddagen kjem statsministeren til Genève, for å delta i FN sitt sosiale toppmøte, i FN-bygget. Møtet gjer opp status fem år etter at det sosiale toppmøtet i København i 1995 slo fast at verda ikkje får bukt med fattigdomen utan at det vert investert i den viktigaste ressursen: menneska sjølve, og serleg i helse og utdanning. Kl. 13.00 er statsministeren mellom gjestane på den sveitsiske presidenten sin lunsj for stats- og regjeringssjefar, på Intercontinental Hotel. Kl.15.00 talar statsministeren til toppmøtet. Kl. 16.00 gjestar han Verdas helseorganisasjon (WHO), der han vert motteken av generaldirektør Gro Harlem Brundtland. Kl. 18.30 deltek statsministeren i ei mottaking i FN-bygget, før han kl. 20.00 er mellom gjestane i ein middag som ambassadør Bjørn Skogmo gjev i bustaden sin.
Statsministeren bur på Hotel Ramada, og reiser attende til Oslo onsdag morgon 28. juni. Pressekontakt er statssekretær Jan-Erik Larsen, tlf. 99 54 19 67.

Torsdag 29. juni kl. 10.00 talar statsministeren under den norske lanseringa av FNs Utviklingsprogram sin "Human Development Report", i Sagarommet, på Vestbanetorget i Oslo.