Frå statsministerens program
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 95/01 | Dato: 18.05.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 95/2001
Dato: 18. mai 2001
Priv. til red.
Frå statsministerens program
Måndag 21. mai
Kl. 10.00 tek statsministeren imot den sør-koreanske parlamentspresidenten, Man Sup Lee, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.
Tysdag 22. mai
Kl. 11.00 deltek statsministeren på Arbeidarpartiet sin eldrekonferanse, i Folkets Hus i Oslo.
Om ettermiddagen deltek statsministeren i Stortinget sin debatt om regjeringa si europamelding.
Kl. 18.00 innleiar statsministeren på representantskapsmøte i Oslo Arbeidarparti, i Folkets Hus i Oslo.
Onsdag 23. mai
Kl. 10.30 tek statsministeren imot FN sin høgkommissær for flyktningar, Ruud Lubbers, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.
Kl. 12.00 underteiknar statsministeren elektronisk det internasjonale oppropet "Say yes for Children" - i regi av organisasjonane Redd Barna, UNICEF og PLAN - på Statsministerens kontor. Arrangementet er ope for pressefolk.
Kl. 17.30 gjestar statsministeren Tøyen kyrkje i Herslebs gate 43 i Oslo, der Kirkens Bymisjon driv eit senter for fattige, psykisk sjuke og rusavhengige i dei indre bydelane i Oslo aust. Sosialminister Guri Ingebrigtsen og songaren Ole Paus deltek også. Den fyrste halvtimen møter dei brukarar ved senteret i ein lukka samtale. Kl. 18.00 er det kveldsmat, og kl. 19.00 er det kvardagsgudsteneste. Kveldsmat og gudsteneste er opne for pressefolk. Etter gudstenesta, kl. 20.00, er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk før han forlet Tøyenkyrkja. For pressedetaljar viser vi til informasjonssjef Per Frogner i Kirkens Bymisjon, telefon 22 36 55 00.