Historisk arkiv

Frå statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 78/2001
Dato: 20. april 2001

Priv. til red.:
Frå statsministerens program

Statsministeren er på offisiell gjesting i India fram til og med måndag 23. april, sjå tidlegare melding om dette. Han er attende i Oslo ved middagstid tysdag 24. april.

Onsdag 25. april:
Kl. 12.00 tek statsministeren imot presidenten i Colombia, Andrés Pastrana, til politiske samtalar på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.
Kl. 12.45 er statsministeren og president Pastrana tilgjengelege for pressefolk, på Statsministerens kontor.
Kl. 13.15 er statsministeren vert under ein regjeringslunsj for president Pastrana, i representasjonsbustaden i Parkvegen 45. Det er høve til å fotografere ved innleiinga.

President Pastrana er i Oslo frå måndag 23. til onsdag 25. april. Utanriksdepartementet sitt pressekontor har oversyn over heile programmet for gjestinga.