Frå statsministerens program
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 13/01 | Dato: 26.01.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 13/2001
Dato: 26. januar 2001
Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Måndag 29. januar:
Kl. 10.00 tek statsministeren imot nytestamente nummer 1.500.000 som organisasjonen Norsk Gideon deler ut i Noreg. Det er høve til å fotografere. Norsk Gideon er del av den internasjonale organisasjonen Gideons International, som arbeider med å dele ut biblar og nytestamente i 175 land, særleg på hotell og skolar.
Tysdag 30. januar:
Kl. 13.00-15.00 gjestar kong Harald og dronning Sonja Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere idet dei vert mottekne av statsminister Jens Stoltenberg, utanfor høgblokka i Regjeringskvartalet kl. 13.00, og når dei forlet bygget kl. 15.00. Ein pressepool har høve til å arbeide under fyrste delen av gjestinga på kontoret: 1 fotograf og 1 reporter frå Aftenposten, APOR, Dagbladet, NRK/Dagsrevyen, TV2Nyhetene, NTB/Scanpix, Se og Hør og VG. Seinaste frammøte for deltakarane i pressepoolen er kl. 12.40.
Kl. 16.00 tek statsministeren imot Noregs Forskingsråd sitt forslag til styrking av den norske kompetansen på feltet funksjonell genomforsking (FuGe), på Statsministerens kontor. Forslaget vert overlevert av dei fire universitetsrektorane og representantar for leiinga i Forskingsrådet. Det er høve til å fotografere. For detaljar om forslaget viser vi til Noregs Forskingsråd
Onsdag 31. januar:
Kl. 09.30 innleier statsministeren på arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane sin konferanse Kompetanse 2001, på Sjølystsenteret i Oslo.
Kl. 11.00 tek statsministeren imot presidenten i Gabon, Omar Bongo, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 11.45, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.
Kl. 13.30 er statsministeren mellom gjestene under kongeparet sin lunsj for presidenten i Gabon, på Slottet.
Kl. 15.20 tek statsministeren imot statsministeren i Albania, Ilir Meta, til samtale i statsrådssalen i Stortinget. Det er høve til å fotografere.
Torsdag 1. februar:
Kl. 17.30 tek statsministeren imot generalsekretæren i NATO, Lord Robertson, til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 18.30, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.
Kl. 19.30 held samtalen med Lord Robertson fram under ein middag som statsministeren held i Regjeringa sin representasjonsbustad i Parkvegen 45. Det er høve til å fotografere idet gjestene kjem.
Fredag 2. februar:
Fredag 2. og laurdag 3. februar er statsministeren i Kristiansund. Pressekontakt er statssekretær Jan-Erik Larsen, telefon 99 54 19 67.
Fredag kl. 15.30 avsluttar statsministeren Kristiansund kommune sin konferanse "Det offentlige Norge i forandring", i Caroline konferansesenter i Kristiansund. Statsministeren sitt tema er "Norge i det nye tusenåret – om et Norge i forandring og fornying".
Kl. 16.30 møter statsministeren representantar for Arbeidarpartiet på Nordmøre, på Dødeladen kulturstad i Kristiansund.
Kl. 18.40 kjem statsministeren til Festiviteten i Kristiansund, der han kl. 19.00 opnar Operafestvekene. Her vil han vil óg avduke eit portrett av tidlegare statsråd og kringkastingssjef Kaare Fostervold.
Kl. 22.00 deltek statsministeren i Operafestvekene sin festmiddag, i Handelens Hus i Kristiansund.
Laurdag 3. februar:
Kl. 10.00 reiser statsministeren frå Kvernberget flyplass i Kristiansund, for å vitje Draugen-feltet på Haltenbanken. Han er attende på Kvernberget kl. 14.45, og reiser til Oslo same ettermiddagen.
Måndag 5. februar:
Måndag 5. og tysdag 6. februar er statsministeren i Kirkenes og Vadsø. Pressekontakt er statssekretær Jan-Erik Larsen, telefon 99 54 19 67.
Måndag kl. 10.10, etter at han er komen til Tromsø lufthamn med rutefly frå Oslo, reiser statsministeren vidare til Kirkenes med ein av Luftforsvaret sine Orion-maskinar. Under turen skal han sjå nærare på skipsvrak og fiskeriaktivitet langs Troms- og Finnmarkskysten. I flyet er det plass til ein pressepool på 8 personar: 1 fotograf og 1 reporter frå APOR, NRK/Dagsrevyen, NTB/Scanpix og TV2Nyhetene. Redaksjonane må innan torsdag 1. februar melde frå om dei ynskjer å vere med, samt oppgje namn på dei journalistane det gjeld, til Statsministerens kontor, på telefon 22 24 40 07 eller 22 24 40 37.
Kl. 14.45 talar statsministeren på Euroarktisk petroleumskonferanse, på Rica Arctic Hotell i Kirkenes. Konferansen vert arrangert av Landsdelsutvalet for Nord-Noreg.
Kl. 15.20 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk, på Rica Arctic Hotell.
Kl. 15.45 møter statsministeren Arbeidarpartiet sine stortingskandidatar på Rica Arctic Hotell, for saman med dei å gjeste "Etablererforum Sør-Varanger", ved Torget. Deretter går statsministeren til Kirkenes Senter.
Kl. 16.45 innleiar statsministeren på Finnmark Arbeidarparti sitt samrådsmøte om kystberedskapen, i Kirkenes rådhus.
Kl. 18.00 er statsministeren mellom gjestene under ein middag som ordførar Alfon Jerijervi gjev, på restauranten "Vin og Vilt" i Kirkenes.
K.. 19.30 reiser statsministeren frå Kirkenes til Vardø med rutefly.
Kl. 20.30 innleiar statsministeren på Vadsø Arbeidarparti sitt folkemøte om fornying av offentleg sektor, i Vadsø.
Tysdag 6. februar:
Kl. 10.15 reiser statsministeren frå Vadsø til Bugøynes, med eit av Luftforsvaret sine helikopter, for å gjeste krabbemottaket, lakseslakteriet og krabbeoppdrettet. I helikopteret er det plass til ein pressepool på 6 personar: 1 fotograf og 1 reporter frå APOR, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, NTB/Scanpix. Redaksjonane må innan torsdag 1. februar melde frå om dei ynskjer å vere med, samt oppgje namn på dei journalistane det gjeld, til Statsministerens kontor, på telefon 22 24 40 07 eller 22 24 40 37.
Kl. 11.00 reiser statsministeren attende til Vadsø med helikopter.
Kl. 11.30 gjestar statsministeren kulturnæringsprosjektet "Jentene på hermetikken", i Vadsø.
Kl. 12.00 er statsministeren mellom gjestene under ein lunsj som fylkesordføraren held, i Fylkeshuset i Vadsø.
Kl. 13.00 leiar statsministeren møte med fylkesordførarane i dei fire nordlegaste fylka, og med sametingspresidenten., i Fylkeshuset i Vadsø. Her deltek også mellom andre kommunalminister Sylvia Brustad, fiskeriminister Otto Gregussen og statssekretærane Øystein Singsaas (Forsvarsdepartementet) og Britt Schultz (Nærings- og handelsdepartementet).
Etter møtet, om lag kl. 16.00, er deltakarane tilgjengelege for pressefolk, i Fylkeshuset i Vadsø.
Kl. 16.45 reiser statsministeren med helikopter frå Vadsø til Varangerbotn. I helikopteret er det plass til ein pressepool på 5 personar: 1 fotograf og 1 reporter frå APOR, NTB/Scanpix, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, og Sagat (NB: ein av redaksjonane kan berre få med 1 person). Redaksjonane må innan torsdag 1. februar melde frå om dei ynskjer å vere med, samt oppgje namn på dei journalistane det gjeld, til Statsministerens kontor, på telefon 22 24 40 07 eller 22 24 40 37.
Kl. 17.00 talar statsministeren i Nesseby sameforening sitt arrangement i høve den samiske nasjonaldagen, i Varanger samiske muséum i Varangerbotn.
Kl. 19.00 reiser statsministeren med helikopter frå Varangerbotn til Kirkenes, for å reise til Oslo med rutefly same kvelden.