Historisk arkiv

Frå statsministerens program - veke 4

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 19/2001
Dato: 2. februar 2001

Priv. til red.:
Frå statsministerens program


Måndag 5. februar:
Måndag 5. og tysdag 6. februar er statsministeren i Kirkenes og Vadsø. Vi viser til tidlegare utsend program. Pressekontakt er statssekretær Jan-Erik Larsen, telefon 99 54 19 67.


Onsdag 7. februar:
Kl. 09.30 tek statsministeren imot organisasjonen World Watch sin årsrapport, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.

Kl. 10.15 gjestar statsministeren Svarttjern skule på Romsås i Oslo, for å møte elevar og lærarar. Etter eige møte med 4.-klassane (der det berre er plass til nokre pressefolk), møter statsministeren alle elevane i gymnastikksalen. Til slutt møter statsministeren skulen sitt personale, utan pressefolk til stades.

Torsdag 8. februar:
Denne dagen er regjeringa i Skien, for å halde regjeringskonferanse, gjeste ulike stader i byen og omlandet, og møte lokale og regionale representantar i ei mottaking. Pressekontaktar er statssekretær Jan-Erik Larsen – telefon 99 54 19 67, og informasjonssjef Øivind Østang – telefon 91 34 64 70.

Kl. 10.30 kjem statsministeren og statsrådane med tog til Skien stasjon, og reiser direkte til Skien rådhus. Dei er tilgjengelege for pressefolk nokre minutt før regjeringskonferansen tek til i formannskapssalen kl. 11.00. Pressefolk kan vere til stades ved innleiinga til regjeringskonferansen.

Frå kl. 12.30 vil statsministeren og statsrådane gjeste ulike stader i Skien og omlandet (sjå nedanfor).

Kl. 19.30 er statsministeren vert for ei mottaking i Ibsenhuset i Skien, for lokale og regionale representantar. Arbeidande pressefolk er velkomne til å vere til stades fram til kl. 20.00. Det er òg pressefolk mellom dei inviterte.

Statsministeren og statsrådane reiser attende til Oslo same kvelden.

Når dette skrivast, er følgjande klårt med omsyn til statsministeren og statsrådane sitt program i Skien og omlandet utover ettermiddagen (vi kjem attende med fleire detaljar):

Statsministeren:
kl. 12.30: Norske Skog Union, Skien – omvising, lunsjmøte med tilsette og leiing.
kl. 14.00: Porsgrund Porselensfabrikk, Porsgrunn - omvising, møte med tilsette og leiing
kl. 15.15: Pressekonferanse, Porsgrund Porselensfabrikk (Caspara kafé), Porsgrunn
kl. 16.10: Omsorgsbustader i Porsgrunn – omvising
kl. 17.00: Porsgrunn kommunale kultur- og musikkskule – møte med barn og unge

Statsråd Bjørn Tore Godal:
kl. 12.30: Telemark sentralsjukehus (saman med statsråd Tønne) – omvising, møte med
leiinga
kl. 15.30: Grønn Hydrogen, Notodden
kl. 18.00: HV-ungdomen, Skien

Statsråd Grete Knudsen:
- Grenlandsprosjektet, Hydro Porsgrunn
- ABB Skien
- Cardiac
- Norsk Hydro - møte om forsking

Statsråd Jørgen Kosmo:
kl. 14.30: Samråd om fornying av offentleg sektor, Vinje

Statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen:

kl. 13.00: Norsk Hydro, Herøya – møte med tillitsvalde og leiing
kl. 15.30: Gjesteførelesing på Høgskulen i Telemark, Bø
kl. 16.30: Møte med representantar for Bø kommune, på Høgskulen

Statsråd Sylvia Brustad:
- "Vekst i Grenland", Heistad
- Utleigebustader, Skien
- Omsorgsbustader, Bamble

Statsråd Tore Tønne:
12.30: Telemark sentralsjukehus (saman med statsråd Godal) – møte med leiinga
kl. 14.00: GRUK, senter for kvalitetssikring i helsetenesta, …
kl. 16.00: KKH, Kragerø

Statsråd Ellen Horn:
12.45: Samråd om kulturlivet i Skien og Porsgrunn, Porsgrunn
16.30: Henrik Ibsen sin barndomsheim, Skien

Statsråd Guri Ingebrigtsen:
13.00: Siljan sjukeheim
15.00: Sosialmedisinsk senter, Skien
17.00: Borgestadklinikken, …

Statsråd Terje Moe Gustavsen:
13.30: Samråd om samferdsel, Telemark fylkeskommune

Statsråd Anne Kristin Sydnes:
- Bionor – orientering om utvikling av HIV-vaksine
- Hydro Polymer, Rafnes

Statsråd Bjarne Håkon Hansen:
- Gvarv fruktlager, Gvarv
- Telemark skogplanteskule, Gvarv

Statsråd Hanne Harlem:
kl. 13.00: Skien politikammer, Skien
kl. 14.45: Skien og Porsgrunn byrett
kl. 16.30: Skien kretsfengsel – møte med funksjonærar
kl. 17.40: Sivilforsvaret, Porsgrunn – orientering om handtering av oljesøl, gasslekkasje og anna forureining.

Statsråd Karita Bekkemellem Orheim:
kl. 12.30: Myrene skule, Porsgrunn
kl. 13.30: Møte med ordføraren i Porsgrunn (saman med statsråd Giske) – orientering om barne- og ungdomsarbeid, Porsgrunn rådhus.
kl.14.00: Samråd om barne- og ungdomsmeldinga (saman med statsråd Giske), Porsgrunn rådhus
kl. 16.15: Møte med ungdomar i Porsgrunn bystyre, Porsgrunn rådhus

Statsråd Trond Giske:
kl. 12.30: AOF kompetansesenter for vaksenopplæring, Skien
kl. 13.30: Møte med ordføraren i Porsgrunn (saman med statsråd Orheim) – orientering om barne- og ungdomsarbeid, Porsgrunn rådhus.
kl.14.00: Samråd om barne- og ungdomsmeldinga (saman med statsråd Orheim), Porsgrunn rådhus
kl. 16.15: Seminar om næringsutvikling og utdanning, Høgskulen i Telemark, Porsgrunn


Måndag 12. februar:
Måndag 12. februar er statsministeren i Brussel, for å møte representantar for EU. Han kjem til Brussel sundag kveld 11. februar, til ein arbeidsmiddag i ambassadør Einar Bull sin tenestebustad. Pressekontakt er informasjonssjef Øivind Østang, telefon 91 34 64 70.

Kl. 09.30 møter statsministeren EU-kommissær, og EU-kommisjonen sin visepresident, Loyola de Palacio, i Rue Demot 28.

Kl. 11.00 møter han EU sin generalsekretær for utanriks- og tryggleikspolitikk, Javier Solana, i Rue de la Loi 175.

Kl. 13.00 møter statsministeren mellom andre dei nordiske EU-kommissærane Erkki Liikanen og Margot Wallström, til lunsj i ambassadør Bull sin tenestebustad.

Kl. 15.00 møter statsministeren EU-kommissær Günther Verheugen, i Charlemagne-bygget.

Kl. 16.00 møter han EU-kommisjonen sin president, Romano Prodi, i Breydel-bygget. Etter samtalen, om lag kl. 16.45, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Kl. 17.15 er statsministeren tilgjengeleg for norske - og andre – pressefolk, anten i Breydel-bygget eller i den norske EU-delegasjonen sine lokale.

Kl. 18.00 reiser statsministeren til flyplassen, for å returnere til Oslo.