Historisk arkiv

Avgiftslei?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Statsministerens kontor

Artikkel i VG ,31. juli 2001

Avgiftslei?

Av statssekretær Norvald Mo, Statsministerens kontor
Artikkel i VG 31. juli 2001

Ein skal vera temmeleg døv og blind, dersom ein ikkje registerer at mange menneske er opptatt av avgifter om dagen. Men skal ein tru meiningsmålingar, er det samstundes ikkje slik at folk flest vil ofra velferd til fordel for lette i avgiftene.

Kanskje er det slik at kritikken mot avgiftene også skuldast noko einsidig informasjon og derved også mangelfull kunnskap om ein del samanhengar. I ein slik situasjon er det ikkje underleg at folk lett mister av syne det som er det mest viktige med avgiftssystemet. Til dømes er det slik at når bensinpumpene no viser ein literpris på under ni kroner, og ikk

je ti kroner, ja så skuldast det indirekte momsreformen. For momsreformen er ikkje ei reform for å skaffa meir inntekter i statskassa. Momsreformen er ei reform for å utvida grunnlaget for å kreva inn avgifter og gjennom det kunne senka enkeltavgifter. Når staten reelt tar inn ei krone og tjue øre mindre i avgift per liter lågoktan bensin no enn ved årsskiftet, skjer det m a fordi det blir svara meirverdiavgiff for fleire tenester. Bensinavgiftene er på denne måten sett ned til det lågaste nivået på ti år.

Eit anna døme er alkoholavgiftene. Som del av momsreformen føreslo Regjeringa å senka avgiftene på brennevin med 17,5 prosent frå 1. juli. Det vart ikkje vedteke. Sett på spissen kan ein seia at årsaka til at Systembolaget på Svinesund gjekk tomme for varer første laurdagen i juli, skuldast at momsreformen ikkje vart omfattande nok.

Og kor mange er det som har fått med seg at Noreg er det siste landet mellom dei 116 landa som har system med meirverdiavgift som generelt ikkje har moms på tenester? Men sjølv om vi no har generell avgiftsplikt, har vi unntak på heilt sentrale område som utdanning, helse, kultur og omsetning frå organisasjonar. Dermed er vesentlege deler av samfunnslivet ikkje ilagd avgifter. Det er derfor ikkje sant som nokre seier at kor enn du snur deg, møter du på ei avgift.

Avgifter er ein heilt nødvendig del av finansieringa av det norske velferdssamfunnet. Inntektene frå moms, særavgifter og arbeidsgjevaravgift vil i år utgjera nær 260 milliardar kroner eller vel halvparten av inntektene til staten eksklusiv olje. Dei som vil gjera store kutt i avgiftene, kjem ikkje utanom også å måtta kutta vesentleg i velferden.

Den offentlege sektoren vår gir også viktige fordelar privatøkonomisk. I land med lågare avgiftsnivå, t d USA, vil privatpersonar og bedrifter ha vesentlege utgifter til helsetenester. Eit anna døme er skulepengar. Hos oss har vi i prinsippet og langt på veg reelt gratis høgare utdanning. I andre land er det ikkje uvanleg at det krevst store summar i skulepengar svært mange ikkje har råd til.

Avgiftene sin del av dei totale offentlege inntektene har auka gjennom 90-talet. Det er m a fordi skatt på arbeid er blitt redusert. Dei to siste åra er m a inntektsskatten på lågare inntekter redusert med rundt to og ein halv milliardar kroner. Og ser vi på skattar og avgifter samla i høve til samla verdiskaping i Noreg over tid, viser biletet forbausande stabilitet. OECD sine undersøkingar viser at stort sett har delen skattar og avgifter i høve til bruttonasjonalproduktet vårt lege rimeleg stabilt på mellom 41 og 44 prosent dei siste 30 åra.

Og grunnen til denne stabiliteten trur eg skuldast brei oppslutning om at privat og felles velferd må veksa side om side. Det er greit å seia at no må det kuttast i avgiftene. Men det er ikkje nok å seia det - ein må gjera det også. Skulle vi i budsjettet for i år ha kutta i avgiftene slik at det verkeleg hadde merkast, måtte Stortinget også t d sagt:

  • at trygdeoppgjeret i år vart for godt og løyvd mindre
  • at lærarane ikkje skulle fått noko lønsløft
  • nei til nær 3 milliardar kroner som reelt er løyvd ekstra til sjukehusa i år
  • nei til ekstra utbygging av eldreomsorga
  • kutta kraftig i løna til dei langtidssjuke og redusert vår del av bistanden til dei fattige landa.

For det er til desse føremåla hovedsakleg veksten i staten sine utgifter i år går til. Og sjølv om vi hadde gjort alt dette, ville likevel grunnlaget for å redusera avgiftene vore marginalt.

Til dei som meiner det berre er å kutta i byråkratiet for å finansiera avgiftskutt: Dersom vi hadde lagt ned alle departement og gitt alle sparken, hadde vi berre redusert talet på offentleg sysselsette med fire promille! For den store mengda av offentleg tilsette finn vi som tenesteprodusentar på sjukehusa, på skulane, i politiet, i eldreomsorga osv. Eg har ikkje registert at dei som går inn for kraftige avgiftsreduksjonar, vil svekka desse tenestene. Tvert om.

Det er samanheng mellom avgiftsnivå og velferd. Det er samanheng mellom at FN kårar Noreg til det beste landet i verda å bu i, og at vi har eit realtivt høgt skattenivå. Det betyr ikkje at alt bør vera som det er ved avgiftssystemet vårt. Men dei som er opptekne av å kutta avgifter, og samstundes oppretthalda velferden, bør kunna peika på kva avgifter som skal bort og erstattast med.