Historisk arkiv

Aktiv norsk innsats for menneskerettar og demokrati i Europarådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 34/2000
Dato: 14. april 2000

Aktiv norsk innsats for menneskerettar og demokrati i Europarådet

Den årlege stortingsmeldinga om norsk deltaking i Europarådet vart i dag godkjend i statsråd. Meldinga gjennomgår hovudtrekka i Europarådets politiske verksemd, arbeidet med menneskerettar og det mellomstatlege samarbeidet i Europarådet det siste året. Frå norsk side vert det lagt særleg vekt på det arbeidet som Europarådet gjer for å fremje menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsippa i dei nye medlemslanda frå Sentral- og Aust-Europa.

Samarbeidet mellom Europarådet og OSSE vart styrkt i 1999, noko som det norske formannskapet i OSSE i stor grad medverka til. Frå norsk side har det vorte lagt vekt på at samarbeidet mellom dei to organisasjonane bør vere saksorientert, ta omsyn til organisasjonane sine respektive fortrinn og samstundes unngå unødvendig dobbeltarbeid.

I 1999 fekk Europarådet sin første Kommissær for menneskerettar. Stillinga er av politisk karakter, og skil seg dermed klart frå Den europeiske menneskerettsdomstolen. Gjennom engasjementet sitt i samband med Tsjetsjenia-konflikten har kommissæren alt vist seg som eit verdfullt tilskot til organisasjonen.

Ei sentral hending i Europarådet i 1999 var feiringa av 50-årsjubileet til organisasjonen. Det vart slått fast at Europarådet har mange og viktige oppgåver framover, særleg i samband med demokratiutvikling i dei nye medlemslanda i Aust-Europa. Europarådet har no 41 medlemsland, og av desse vart Georgia teke opp som medlem i 1999.