Avtale mellom Noreg og Danmark om skade på fiskereiskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.07.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 110/00
Dato: 28.07.00
AVTALE MELLOM NOREG OG DANMARK OM SKADE PÅ FISKEREISKAP
Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ei avtale mellom Noreg og Danmark om handsaming av skadebotkrav for skade på fiskereiskap. Etter avtala skal det opprettast ei norsk-dansk trålarnemnd som skal handsame skadebotkrav i samband med reiskapskollisjonar mellom norske og danske, færøyske eller grønlandske fiskefartøy. Avtala fastset vidare reglar for korleis nemnda skal fungere. Ein tar sikte på å underteikne avtala i næraste framtid.
Utanriksdepartementet, 28. juli 2000