Historisk arkiv

EØS-regelverk om betre tryggleik til sjøs

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Det nye EØS-direktivet om passasjerfartøy i rutetrafikk vil betre tryggleiken for personar som reiser med såkalla roroferjer og snøggåande passasjerskip.

Pressemelding

Nr.: 62/00
Dato: 26.05.00

EØS-regelverk om betre tryggleik til sjøs

Det nye EØS-direktivet om passasjerfartøy i rutetrafikk vil betre tryggleiken for personar som reiser med såkalla roroferjer og snøggåande passasjerskip. Direktivet krev at passasjerskip og snøggåande passasjerfartøy skal utstyrast med ferdskrivar og stette særlege stabilitetskrav. Det vert òg stilt krav til navigasjonssystem og kriseplanar. Direktivet vil gje ein lik tryggleiksstandard innanfor heile EØS-området, og vil gje betre høve for medlemsstatane til å ta del i granskingar i tilfelle sjøulykker og uhell innanfor dette området.

For Noreg vil direktivet gjelde for alle roroferjer som opererer mellom hamner i Noreg og i utlandet, dei fleste hurtigrutene og for riksvegferjer som opererer i liten kystfart. Dei økonomiske konsekvensane for næringa vil i hovudsak vere knytte til gjennomføringa av kravet til ferdskriver og til dels kravet om kriseplanar. Dei totale kostnadene er fastsette til om lag 9,4 millionar kroner.

Gjennom ein stortingsproposisjon som vert fremja denne veka vil Regjeringa be om Stortingets samtykke til å innlemme rådsdirektivet (1999/35/EF) i EØS-avtala.