Historisk arkiv

Forbod mot import til Noreg av diamantar frå Sierra Leone

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 107/00
Dato: 18.07.00

Forbod mot import til Noreg av diamantar frå Sierra Leone

Utanriksdepartementet har i dag vedteke ei endring i føresegna om gjennomføring av resolusjon 1132 frå Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane om sanksjonar mot Sierra Leone.

Endringa byggjer på Tryggingsrådet sin resolusjon om forbod mot innførsel av rådiamantar frå Sierra Leone, som blei vedteken den 5. juli i år. Sanksjonane blei innførde for ein periode på atten månader, og tok til å gjelde straks. Forbodet er ein freistnad om å gripe direkte inn i kjerneområdet for konflikten mellom RUF og styresmaktene i Sierra Leone, nemleg striden om kontrollen over dei verdifulle diamantområda i landet.

Endringa i føresegna tek til å gjelde straks.