Historisk arkiv

Forlenging av gråsoneavtala

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 87/00
Dato: 30.06.00

Forlenging av gråsoneavtala

Ei avtale om ei mellombels praktisk ordning for fisket i eit område som grensar til Noreg i Barentshavet (Gråsoneavtala), blei inngått mellom Noreg og det tidlegare Sovjetunionen første gongen 11. januar 1978. Avtala har sidan blitt forlenga 22 gonger for eitt år om gongen, siste gong til 1. juli 2000.

Avtala går i hovudsak ut på at partane skal late vere å kontrollere og drive noka form for handheving mot fiskefartya til einannan. Ho inneheld òg reglar om korleis partane skal te seg overfor farty frå tredjeland.

Ved brevveksling i Moskva i dag er avtala forlenga med eitt år til 1. juli 2001.