Historisk arkiv

Målretting av tiltak mot det tidlegare Jugoslavia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utanriksdepartementet har vedteke einskilde endringar i føresegna om særlege tiltak mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ), for å gjere dei eksisterande økonomiske tiltak meir målretta.

Pressemelding

Nr.: 119/00
Dato: 15.08.00

Målretting av tiltak mot det tidlegare Jugoslavia

Utanriksdepartementet har vedteke einskilde endringar i føresegna om særlege tiltak mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ), for å gjere dei eksisterande økonomiske tiltak meir målretta. Investeringsforbodet og påbodet om frys av middel som tilhøyrer selskap baserte i Serbia, eksisterer framleis, men endringa inneber at selskap som figurerer på ein såkalla kvitliste no er unnateke frå desse tiltaka. Denne lista kan utvidast med selskap som i søknaden har bevist at dei ikkje er tilknytt regimet.

Samstundes er den mellombelse hevinga av flyforbodet for sivil lufttrafikk mellom Noreg og FRJ, som blei vedteke i mars i år, forlenga fram til 31. mars 2001.

Elles blir det halde oppe eit internasjonalt press mot styresmaktene i landet med sikte på ei demokratisk og fredeleg utvikling i området. Endringane inneber at Noreg held fram med dei same tiltaka mot FRJ som EU.

Føresegna trer i kraft straks.