NAMMCO gis status som internasjonal organisasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.08.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Regjeringa har i dag vedteke å inngå ei såkalla vertslandsavtale med Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen NAMMCO. Hovudformålet med avtalen er å sikre NAMMCO sine tenestemenn som arbeider i kommisjonen og representantar for dei andre medlemsstatane ei uavhengig stilling i høve til norske styresmakter.
Pressemelding
Nr.: Nr. 116/00
Dato: 11. august 2000
NAMMCO gis status som internasjonal organisasjon
Regjeringa har i dag vedteke å inngå ei såkalla vertslandsavtale med Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen NAMMCO. Medlemmene i NAMMCO er forutan Noreg, Island, Grønland og Færøyane. NAMMCO er ein internasjonal organisasjon som skal fremje samarbeid om vern og forsvarleg forvaltning av sjøpattedyr i det nordatlantiske området. Kommisjonen har eit permanent sekretariat i Tromsø. Vertslandsavtalen regulerer kva for status, privilegium og immunitet sekretariatet skal ha i høve til norske styresmakter, og utgjer ei permanent regulering av tilhøvet mellom Noreg og kommisjonen.
Hovudformålet med avtalen er å sikre at NAMMCO sine tenestemenn som arbeider i kommisjonen og representantar for dei andre medlemsstatane ei uavhengig stilling i høve til norske styresmakter. Avtalen opnar for at NAMMCO på nærare vilkår sjølv kan skattleggje tenestemenn som arbeider i sekretariatet i staden for at desse skal betale vanleg skatt på inntekter. Slik internskattleggjing er kjend frå ei rekkje andre internasjonale vertslandsavtalar.