Historisk arkiv

Noreg har underteikna protokoll mot bruk av barnesoldatar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg har, som eit av dei første landa, underteikna ein protokoll om barn i væpna konflikt til FNs barnekonvensjon. Etter protokollen skal statar setje alt inn på at personar under 18 år ikkje blir brukt som soldatar.

Pressemelding

Nr.: 84/00
Dato: 21.06.00

Noreg har underteikna protokoll mot bruk av barnesoldatar

Noreg har, som eit av dei første landa, underteikna ein protokoll om barn i væpna konflikt til FNs barnekonvensjon. Etter protokollen skal statar setje alt inn på at personar under 18 år ikkje blir brukt som soldatar. Vidare pliktar statane ikkje å rekruttere personar under 18 år med tvang til væpna styrker. Når det gjeld frivillig rekruttering skal statane i det minste auke aldersgrensa til 16 år. Fordi ikkje-statlege væpna grupper i stor grad rekrutterer barnesoldatar, skal statane også setje alt inn på å hindre denne praksisen. FNs barnekomité skal overvake at statane gjennomfører protokollen.

Det er venta at protokollen vil føre til at færre barn blir brukt som soldatar. I dag er aldersgrensa for rekruttering og bruk av barn som soldatar 15 år.