Historisk arkiv

Noreg har underteikna protokoll om sal av barn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg har, som eit av dei første landa, underteikna ein valfri protokoll om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi til FNs barnekonvensjon.

Pressemelding

Nr.: 85/00
Dato: 21.06.00

Noreg har underteikna protokoll om sal av barn

Noreg har, som eit av dei første landa, underteikna ein valfri protokoll om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi til FNs barnekonvensjon.

Barnekonvensjonen er i dag den menneskerettskonvensjonen som har størst tilslutning, med 191 partar. Konvensjonen inneheld fleire føresegner som skal verne barn mot utnytting, og artikkel 34 om statane si plikt til å verne barn mot seksuell utnytting er her sentral. Tilleggsprotokollen inneber ei styrking av Barnekonvensjonen, særleg fordi den pålegg statane å gjere ei lang rekkje handlinger knytta til sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi straffbare i si lovgjevning. Protokollen definerar sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi. Behovet for internasjonalt samarbeid, her under gjensidig juridisk bistand, er framheva.

Statspartane skal rapportere til FN om gjennomføringa av pliktene etter protokollen.