Noreg inngår avtalar med det Europeiske fellesskap (EF) og Sveits
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Om gjensidig godkjenning av givarlandsinnhald under det generelle tollpreferansesystemet for utviklingsland (GSP-ordninga)
Pressemelding | Dato: 21.12.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 189
Dato: 21.12.00
Noreg inngår avtalar med Det europeiske fellesskap (EF) og Sveits om gjensidig godkjenning av givarlandsinnhald under det generelle tollpreferansesystemet for utviklingsland (GSP-ordninga).
Regjeringa har i Statsråd i dag, 22. desember 2000, vedteke å inngå brevvekslings-avtalar med Det europeiske fellesskap (EF) og Sveits. Avtalane omhandlar gjensidig godkjenning av givarlandsinnhald under den norske GSP-ordninga med tollpreferansar ovanfor utviklingsland.
Avtalane vil medføre at det ved eksport frå eit GSP-land til Noreg, EF eller Sveits, ved produksjon av vara, vil vere uinnskrenka høve til å bruke opprinnelsesmaterialar frå dei tre avtalepartane, på linje med materialar frå GSP-landet.
Likelydande avtale er inngått mellom Det europeiske fellesskap (EF) og Sveits.